Gå til innhold Gå til søk

Vår nettside bruker cookies (informasjonskapsler) hovedsaklig for trafikkmåling og optimalisering av innhold. Fortsett å bruke siden som normalt om du godtar dette. Les mer om vår bruk av cookies.

Medforfattarskap i humaniora, samfunnsfag, juss og teologi

Illustrasjonsfoto av trestamme med grener (1). Foto: Hallvard J. Fossheim

Det kan vera givande å skriva i lag med andre. Ansvarleg diskusjon mellom fagfellar om utforminga av eit felles skriftstykke kan heva kvaliteten. Når det er kjekt å samarbeida, vert det ein bonus i tillegg. Når to eller fleire skriv i lag, vil det felles skriftstykket ha fleire forfattarar eller medforfattarar.

Utfordringar

Medforfattarskap kan òg innebæra etiske utfordringar. Forfattarskapen må vera reell, av eit slikt omfang at den ikkje får preg av å vera eit æresforfattarskap. Ein tittel eller ein posisjon er ikkje nok til å verta medforfattar. Ansvarsdelinga må vera klar, slik at det framgår kva som er den einskilde bidragsytaren sin rolle og kva bidraget består av. I seinare tid har vi fått ein annan type utfordring i spørsmålet om medforfattarskap, skapt av nye budsjetteringsmåtar ved dei vitskaplege institusjonane, bygd på resultat m.a. i form av publikasjonar. Dette kan føra til publiseringspress, der medforfattarskap, jamvel på heller tynt grunnlag, kan gi fleire tellekantar og dermed utsikt til betre økonomi.

Forskingsetikken har lenge vore oppteken av å etablera god skikk for slik samarbeid og har utarbeidd køyrereglar for å sikra at forfattarar av forskingslitteratur faktisk er forfattarar. Det har òg vore fundert over ulike typar av brot på god vitskapeleg praksis her. Men dei køyrereglane som finst gir ikkje alltid klår nok rettleiing. Det kan vera nok å minna om saka om fusk i forskinga på Radiumhospitalet i 2006, der det vart mykje diskutert om medforfattarane til Sudbø oppfylde krava til medforfattarskap, eller ikkje. Og dertil kjem at dei reglane som er utarbeidd for dei ulike fagområda, ikkje er heilt dei same. Her er det eit felt med ulike fagtradisjonar og ulike forskingsetiske krav.

NESH-krava

Dei forskningsetiske retningslinene for samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi (NESH 2006) krev at berre den som har gjeve bidrag til dokumentasjon, analyse og skriving kan vera oppførd som forfattar. Til dømes vil ein som gir bidrag til dokumentasjon, gir idéar til analyse, kommentarar til skriving, eller gir teknisk hjelp av ymse slag, ikkje kvalifisera til forfattartittel etter desse retningslinene. Det kan vera verd å merka det klåre kravet til skriving, og at det må verta oppfyld saman med de to andre krava. NESH-krava er utforma både enklare og strengare enn dei krava som vert stilte til forfattarar innan medisin (NEM) og naturvitskap (NENT). NEM- og NENT-krava  gir båe høve til å velja mellom alternative krav som ein forfattar må fylla, og for båe er det mogeleg å velja vekk mellom anna kravet om skriving. NESH-krava derimot er absolutte og utan alternativ.  Dei bidraga som ikkje kvalifiserar til forfattarnemning, skal skiljast frå forfattarane sine bidrag. Her viser NESH-retningslinene til dei medisinske reglane: ”I tråd med Vancouverreglene for medisinsk forfatterskap, kan det noen ganger være aktuelt å skille mellom forfattere og andre bidragsytere”. Desse andre bidraga kan nemnast til dømes gjennom omtale og takk i eit forord.

Blant forskarane innan humaniora, samfunnsfag, juss og teologi har det i praksis vore lite utbredt med medforfattarskap. Bøker, artiklar, doktoravhandlingar, masteroppgåver er normalt sjølvstendige arbeider utforma og skrive av ein person. Det er som regel einskildforskarar som har formulert problemstillingar, gjennomført datainnsamling og -bearbeiding, og sjølv skrive teksten. Sjølvsagt har forskarar flest kontakt med andre og drøftar gjerne arbeida sine i breidere forskingsmiljø, på seminar, konferansar osb. Det er ein del av den akademiske arbeidsmåten. Også på doktorgradsnivå er avhandlinga innan humaniora og samfunnsfag tradisjonelt ein monografi med kandidaten som eineforfattar. Rettleiar er normalt ikkje medforfattar korkje på doktorgradsnivå eller på masternivå.

Dei høvevis strenge NESH-krava står med andre ord på ein solid tradisjon og praksis innan dei faga det gjeld. Det kan også hevdast at det innan fag som særleg er opptekne av kultur og samfunn der m.a. språkleg kommunikasjon er eit tema, vil forståinga av nemninga ’forfattar’ utan vidare verta knytt til ein som skriv. Slik er det t.d. også i engelsk språk, der ein ’author’ er jamnstilt med ein ’writer’.

Utvikling

I seinare tid har ein likevel sett nokre tilfelle av at personar som har gjeve bidrag som idear eller teknisk hjelp, har stått som forfattarar ved sidan av den eller dei som har  skrive teksten. NESH gjorde i 2008 ei lita undersøking om erfaringar med å nytta forfattarnemninga på andre enn skrivarar, og det ser ut til at det særleg gjeld i nokre av samfunnsfaga, som i delar av psykologien og sosiologien. Det har òg vorte slik innan humaniora og samfunnsfag at fleire av doktoravhandlingane er artikkelsamlingar. Dette treng likevel ikkje utvikla seg i retning av den naturfaglege praksisen der det ikkje er uvanleg at rettleiaren står som medforfattar på ein eller fleire av artiklane som inngår i gradsarbeidet. Ein kan reisa spørsmål om medforfattarskap kan sameinast med sjølvstendekravet til doktorarbeidet, der kandidaten er oppe til ein prøve. Ein kan òg stilla spørsmål om rettleiarfunksjonen, som er pedagogisk verksemd i eit lærar-lærling-tilhøve, vert forkludra ved at rettleiaren er medforfattar.    

Frå naturfag og medisin har det vore hevda et større forskingsprosjekt, etablering av forskargrupper, gjerne fleirfaglege, og behov for spesialkompetanse av ulik art, ligg mykje til grunn for bruken av ikkje-skrivande medforfattarar. Men igjen, her er det ingen naudsynt årsakssamaheng. Innan humaniora og samfunnsfag har det òg vore slike store forskingsprosjekt, utan at forfattarnemninga har vorte utvatna. På ein annan side har det nok ikkje alltid vore fullgod praksis, særleg innan humanistiske fag, når det gjeld å gjere greie for kva andre bidragsytarar står for. Dermed kan dette stykket verta avslutta på samlande vis: Uansett rådande praksis i eit fag, anten ulike typar bidrag kvalifiserar til forfattarnemninga, eller nemninga vert avgrensa berre til dei som skriv, vert det i alle høve viktig å gjera rettmessig greie for kva den einskilde bidragsytaren har levert og er ansvarleg for.

Sitér denne siden slik:

Nagel, Anne-Hilde: "Medforfattarskap i humaniora, samfunnsfag, juss og teologi" (Sist oppdatert: 16. desember 2009). De nasjonale forskningsetiske komiteene. [Online]. Tilgjengelig på http://www.etikkom.no/FBIB/Temaer/Medforfatterskap/Medforfattarskap-i-humaniora-samfunnsfag-juss-og-teologi/. [Lastet 11.juli 2014].