Last ned brevet som pdf

Bakgrunn

Gudbrandsdalsmusea har vendt seg til utvalet, og ber om avklaring omkring to spørsmål i tilfelle der ein over tid finn mindre omfang av bein på eigedomen. Sitert frå eposten:

  1. Kva skal gardbrukaren gjera med bein han finn innimellom, det dreier seg ikkje om store mengder
  2. Kan privatpersonar ta med seg slikt vekk frå funnstaden?

Vurderinga til utvalet

Utvalet vil først understreke at vi på grunnlag av den informasjonen vi har motteke utelukkande svarer på reint generelt grunnlag, og ikkje har nokon informert meining om det som måtte være tilfelle i den enkeltsaka som låg til grunn for spørsmålet. Det ligg og utanfor mandatet til utvalet å delta i forvaltinga av slike saker på eige initiativ, eller å avklare juridiske element som eventuelt måtte være uklåre i dei. For slike avklaringar viser utvalet til fylkeskommunen som rett instans.

Gudbrandsdalsmusea understrekar at det er dei meir generelle (”prinsipielle”) sider ved saka ein ønskjer tilsvar om. På eit reint generelt grunnlag vil utvalet difor likevel peike på følgjande når det gjeld alminneleg saksgang og forvalting i tilfelle der ein over tid finn ein del beinmateriale på eit avgrensa område:

Dersom det er rimeleg å gå ut frå at det var ein middelalderkyrkjegard på staden, og at beina stammar frå han, er dei automatisk eit freda kulturminne (jfr. kulturminnelova § 4 j). Om beina er registrerte som automatisk freda, vil dei verte innførte i Askeladden (Riksantikvaren sin database over freda kulturminne) og publikumsutgåva Kulturminnesøk.

Gardbrukaren vil vanlegvis ha høve til å bruke jorda slik vedkommande alltid har gjort (jfr. kulturminnelova § 3 andre ledd), men ikkje til å gå djupare enn det som er gjort før.

Det er universitetsmusea som skal ta imot funn for framtidig oppbevaring, men fylkeskommunane er førstelinjeinstans med kompetanse til å ta imot melding om funn, vurdere funnet, befare funnstaden om naudsynt og gje finnaren eit svar om kva som vidare skal skje. Viser ei sak seg å gjelde kyrkjestader frå middelalderen, er det Riksantikvaren som evt. skal gje løyve til ytterlegare inngrep i kulturminnet (såkalla dispensasjon).

Funna bør ikkje overlatast til ein privatperson, anna enn for å bringe dei vidare til eit museum.

Som generelle svar på dei to spørsmåla i forespurnaden er altså oppsummeringa som følgjer:

  1. Gardbrukaren bør melde funna til fylkeskommunen, som så koordinerer kva som vidare skjer med dei og med funnstaden.
  2. Funn bør ikkje overlatast til privatpersonar, med mindre spesielle omstende talar for det og vedkommande straks leverer dei inn til nærmaste universitetsmuseum eller fylkeskommune, med grundig angjeving av funnstad og -omstende.

På vegne av Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning på menneskelige levninger,

Anne Karin Hufthammer
Utvalsleiar, Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning ved bruk av menneskelige levninger

Hallvard J. Fossheim
Sekretariatsleiar, NESH/Nasjonalt utvalg for vurdering av forskning ved bruk av menneskelige levninger