Etter terrorangrepa 22. juli beslutta Helse- og omsorgsdepartementet å opprette ein koordineringsfunksjon for forsking der dei berørte inngår som del av forskinga.

Sekretariatet for koordineringsfunksjonen vart lagt til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Føremålet har vore å minimere belastninga forskinga har hatt på dei berørte. 

Ei koordineringsgruppe med dei sentrale aktørane vart oppnemnt hausten 2012.

Mandatet er gitt av Helse- og omsorgsdepartementet, som også har finansiert koordineringsfunksjonen med 1 mill. kroner per år i mandatperioden 2012-2014.

I denne rapporten er koordineringsgruppa som kollegium som er avsendar. Synspunkt og meiningar i rapporten representerer ikkje nødvendigvis enkeltmedlemmer eller deira institusjonar sin ståstad.

Last ned sluttrapporten her (pdf)