Last ned som pdf her.

Rapportering for koordineringsarbeidet med 22. juli-forsking

Rapportering for 2012

Aktivitetar hausten 2012 og status ved inngangen til 2013

Nils Olav Refsdal vart tilsett som koordinator frå hausten 2012. Koordinatoren har etablert gode relasjonar med dei sentrale aktørane både på forskings- og finansieringsside og med den nasjonale støttegruppa. Helsedirektoratet har oppnemnt ei koordineringsgruppe, og denne gruppa har hatt to møter. AUF valde å takke nei til deltaking i gruppa, men har tilgang til alle dokument, og vert haldt orientert.

I følgje mandatet er målsettinga med koordineringsfunksjonen å ivareta omsynet til dei berørte. I mandatet for funksjonen er følgjande oppgåver gitt:

  • Overvåke belastinga på informantgruppa
  • Ha oversikt over pågåande og planlagt forskingsaktivitet
  • Bidra til informasjonsutveksling mellom forskarar og forskingsmiljø
  • Formidle kontakt og skape møteplassar mellom aktuelle forskarar og forskningsmiljø

Arbeidet hausten 2012 har vore prega av å få etablert koordineringsgruppa som møteplass og arena for informasjonsutveksling, og å få oversikt over forskingsfeltet. Vi har i tillegg starta opp langsiktige prosessar knytt til deling og utveksling av data. Vidare er det oppretta eit eige område for forsking på 22. juli på nettsidene til dei forskingsetiske komiteane. Her ligg oversikt over pågåande forskingsprosjekt, samandrag frå møta i koordineringsgruppa, medieklipp og oversiktar over publiserte artiklar, rapportar og liknande.

Det har vore ein del merksemd kring koordineringsarbeidet i media, og Refsdal har vore intervjua i NRK radio, på P4 og på forskning.no. Vi arrangerte rett før jul eit seminar om internettforsking og 22. juli på Litteraturhuset. Seminaret var vellukka og godt besøkt.

Koordinatoren har ved fleire høve oppmoda forskarar om å kontakte kvarandre for å unngå å rette førespurnader om deltaking i prosjekt til dei same gruppene. Dette har vorte godt teke mot i forskingsmiljøa, og har resultert i konkret samarbeid i fleire tilfelle.

Vurdering

Vi vurderer koordinatorfunksjonen og koordineringsgruppa som godt etablert. Når det gjeld forskingsbelastninga er inntrykket at særleg dei unge overlevande frå Utøya allereie deltek i mange prosjekt, og bør vernast frå ytterlegare førespurnader. Arbeidet med å gjere materialet samla inn av mellom anna NKVTS om denne gruppa tilgjengeleg er difor viktig for å unngå ytterlegare belastningar på gruppa. Samstundes ser vi at fleire av dei berørte har etterlyst å få meir kunnskap om enkelte problemstillingar. Dette gjeld særleg korleis dei overlevande og etterlatte har vorte teke i vare av det kommunale hjelpeapparatet.

Plan for arbeidet i 2013

Målsetningar for 2013

  • Arbeide vidare med å legge til rette for tilgjengeleggjering, deling og utveksling av data.
  • Halde fram arbeidet med utveksling av informasjon om forskingsprosjekt.
  • Innhente og dele erfaringar nasjonalt og internasjonalt når det gjeld forsking på populasjonar ramma av terror og katastrofar.
  • Starte arbeidet med å få på plass ein generell forskingsberedskap etter kriser og katastrofar.

Aktivitetar

  • Gjennomføre fire møter i koordineringsgruppa for informasjonsutveksling, diskusjon og forankring.
  • Gjennomføre fire mindre seminar om etiske tema knytt til forsking etter 22. juli eller presentasjon av relevante forskingsresultat.
  • Arrangere eit større seminar med internasjonal deltaking om emnet.
  • Starte arbeidet med publikasjon om 22. juli og forskingsetikk.

Kontinuerleg arbeid

  • Overvåking av belastninga og oppdatering av oversiktar på nettet.
  • Halde tett dialog med relevante forskingsmiljø, finansieringsmiljø og godkjenningsinstansar.
  • Formidling på internett og i media og gjennom foredrag på relevante arenaer rundt om i landet (per i dag er det planlagt foredrag mellom anna i Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Høgskolen i Hedmark).
  • Delta på relevante nasjonale og internasjonale konferansar, til dømes Samfunnssikkerhetskonferansen 2013, European Society for Traumatic Stress Studies sin konferanse i juni og Europakommisjonens Security Research Conference (SRC).