Samandrag:

Artikkelen går systematisk gjennom og vurderer arbeidet ved traumesenteret på Oslo universitetssykehus i akuttfasen kvelden 22. juli og natt til 23. juli 2011. Kapasiteten var tilstrekkeleg, og dødelegheiten lågare enn ein kunne forvente gitt skadene. Dette var på grunn av riktig vurdering og føremålsteneleg sortering (triage) av skadde. Traumeteama fekk til seg alle dei hardast skadde, samstundes som dei ikkje fekk pasientar som kunne fått behandlinga dei trengte andre stader. Traumesenteret delte leiaroppgåvene i to, medisinsk og administrativt (dual command), noko som saman med ei dynamisk ressursallokering gjorde at oppgåvene vart løyst på ein god måte trass i begrensa tilgang på erfarent personell.

Artikkelen kan lesast her. (Krev tilgang).

Forfattarar: Christine Gaarder, Joakim Jørgensen, Knut Magne Kolstadbraaten, Knut Steinar Isaksen, Jorunn Skattum, Rune Rimstad, Trine Gundem, Anders Holtan, Anders Walløe, Johan Pillgram-Larsen, Paal Aksel Næss.

Referanse: Gaarder, C. et al. (2011): The twin terrorist attacks in Norway on July 22, 2011: The trauma center response, Journal of Trauma and Acute Care Surgery, Volume 73, Issue 1.