I året me no har lagt bak oss har det vore stor forskingsetisk aktivitet på ulike nivå og stadar. Markeringa av at det er 20 år sidan dei nasjonale forskingsetiske komiteane første gongen vart oppnemnte, stod sentralt i haustsemesteret med vitjing og seminar om forskingsetikk ved alle universiteta i Norge. I desse 20 åra har det skjedd mykje. I tillegg til dei tre komiteane NEM, NENT og NESH, er det oppretta ei nemnd for patentetiske spørsmål (Patentnemnda) og Skjelettutvalet (Nasjonalt utval for vurdering av forsking ved bruk av menneskelige levninger) i tillegg til den siste greina på treet: Granskingsutvalet.

Forskingsetikklova, som me har hatt sidan 2007, er ein viktig milepåle. I tillegg arbeider alle universiteta systematisk med forskingsetikk; då spesielt knytt opp mot forskarutdanninga. Fleire forskingsinstitusjonar utanfor universiteta arbeider også systematisk med forskingsetikk og nytta mellom anna retningslinjer utarbeid av komiteane i sitt arbeid.

Dei forskingsetiske komiteane vert også administrert av eit dyktig og profesjonelt sekretariat. Dette vart synleggjort ved tildelinga av Tilgjengelighetsprisen i haust frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Innan dei fleste forskingsfelta vert det stadig gjort nye framsteg og nye metodar og forskingsfelt vert opna. Syntetisk biologi er døme på slikt. Dette er ein sterk forbetring av genteknologisk metodikk som gjer det mulig å løysa både praktiske og teoretiske spørsmål det før ikkje var mulig å arbeida med. Men representerer syntetisk biologi nye etiske utfordringar? Mange av oss vil svara nei på det spørsmålet. Det er dei same etiske normene som gjeld; dei må berre nyttast mot nye vitskaplege problemstillingar. Det skulle ikkje vera naudsynt med spesifikke satsingar som ”syntetisk biologietikk”!

Målet med forskingsetisk arbeid er ikkje at alt skal ha gode strukturar og vera synlege. Men forskingsetiske problemstillingar skal vera  som ein ryggmargsrefleks der rykkingane skal koma  hos kvar einskilt forskar når ho planlegg, utfører og til slutt publiserer resultata frå forskinga. Institusjonane må også ha dette som ein refleks ved tilrettelegging av infrastrukturen forskaren skal støtta seg til. Her er det store utfordringar og mange svake ledd i dag.

Viktige spørsmål er: Korleis skal ein lagra data og forskingsmateriale,  kva skal lagrast, kor lenge skal det lagrast og kven skal ha tilgang til materialet? Og kven har eigedomsretten til det? Lagring av materiale og data generert i eit forskingsprosjekt har ein kostnad. Slike kostnader vert i dag ikkje sett opp på forskingsbudsjetta eller av institusjonane. Dette må det takast fat i og arbeidast systematisk med i tida framover.
Forskingsrådet har ei oppgåve her: Dei må bygga dette aspektet inn i utforminga av søknader om forskingsmidlar. Fleire av overtrampa for god forsking i den siste tida skuldast manglande datatilgong og materiallagring. Ved gode rutinar kan ein redusera slike overtramp.

Dag E. Helland, portrett

Dag E. Helland
Leiar av NENT
Professor i bioteknologi, Universitetet i Bergen