Dei nasjonale forskingsetiske komiteane fekk våren 2012 i oppdrag å koordinere forsking etter terrorhendingane 22. juli 2011. Føremålet med koordineringsfunksjonen er i følgje mandatet å ivareta omsynet til dei berørte ved å redusere forskningsbelastninga dei vert utsette for.

Nils Olav Refsdal vart tilsett som koordinator frå august 2012. Koordinatoren har etablert gode relasjonar med dei sentrale aktørane både på forskings- og finansieringsside og med den nasjonale støttegruppa. Helsedirektoratet har oppnemnt ei koordineringsgruppe, og denne gruppa hadde to møter hausten 2012. AUF valde å takke nei til deltaking i gruppa, men har tilgang til alle dokument, og vert haldt orientert.

Arbeidet hausten 2012 var prega av å få etablert koordineringsgruppa som møteplass og arena for informasjonsutveksling, og å få oversikt over forskingsfeltet. Vi har i tillegg starta opp langsiktige prosessar knytt til deling og utveksling av data. Vidare er det oppretta eit eige område for forsking på 22. juli på nettsidene til dei forskingsetiske komiteane. Her ligg oversikt over pågåande forskingsprosjekt, samandrag frå møta i koordineringsgruppa, medieklipp og oversiktar over publiserte artiklar, rapportar og liknande.

Det har vore ein del merksemd kring koordineringsarbeidet i media, og Refsdal har vore intervjua i NRK radio, på P4 og på forskning.no. Vi arrangerte rett før jul eit seminar om internettforsking og 22. juli på Litteraturhuset. Seminaret var vellukka og godt besøkt.

Koordinatoren har ved fleire høve oppmoda forskarar om å kontakte kvarandre for å unngå å rette førespurnader om deltaking i prosjekt til dei same gruppene. Dette har vorte godt teke mot i forskingsmiljøa, og har resultert i konkret samarbeid i fleire tilfelle.