Utfordringar

Medforfattarskap kan òg innebera etiske utfordringar. Forfattarskapen må vera reell, av eit slikt omfang at den ikkje får preg av å vera ein æresforfattarskap. Ein tittel eller ein posisjon er ikkje nok til å verta medforfattar. Ansvarsdelinga må vera klar, slik at det framgår kva som er den einskilde bidragsytaren sin rolle og kva bidraget består av. I seinare tid har vi òg fått ei anna type utfordring i spørsmålet om medforfattarskap, skapt av nye budsjetteringsmåtar ved dei vitskaplege institusjonane, bygd på resultat, m.a. i form av publikasjonar. Dette kan føra til publiseringspress, der medforfattarskap, jamvel på heller tynt grunnlag, kan gi fleire tellekantar og dermed utsikt til betre økonomi, men òg skeivare fordeling mellom faga.

Forskingsetikken har lenge vore oppteken av å etablera god skikk for vitskapleg forfattarskap og har utarbeidd køyrereglar for å sikra at forfattarar av forskingslitteratur faktisk er forfattarar. Det har òg vore fundert over ulike typar av brot på god vitskapeleg praksis her. Men dei køyrereglane som finst gir ikkje alltid klår nok rettleiing. Det kan vera nok å minna om saka om fusk i forskinga på Radiumhospitalet i 2006, der det vart mykje diskutert om medforfattarane til Sudbø oppfylte krava til medforfattarskap, eller ikkje.  Dertil kjem at dei reglane som er utarbeidd for dei ulike fagområda, ikkje er heilt dei same. Her er det eit felt med ulike fagtradisjonar og ulike forskingsetiske krav.

 

NESH-krava

Dei forskingsetiske retningslinene for samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi (NESH 2006) krev at berre den som har gjeve bidrag til dokumentasjon, analyse og skriving kan vera oppført som forfattar (pkt. 32). Til dømes vil då ein som gir bidrag til dokumentasjon, gir idéar til analyse, kommentarar til skriving, eller gir teknisk hjelp av ymse slag, ikkje kvalifisera til forfattartittel etter desse retningslinene. Det kan vera verd å merka det klåre kravet til skriving, og at det må verta oppfylt saman med de to andre krava. NESH-krava er utforma både enklare og strengare enn dei krava som vert stilte til forfattarar innan medisin (NEM) og naturvitskap (NENT). NEM- og NENT-krava  gir båe høve til å velja mellom alternative krav som ein forfattar må fylla, og for båe er det mogeleg å velja vekk mellom anna kravet om skriving. NESH-krava derimot er absolutte og utan alternativ.  Dei bidraga som ikkje kvalifiserer til forfattarnemning, skal skiljast frå forfattarane sine bidrag. Her viser NESH-retningslinene til dei medisinske reglane: ”I tråd med Vancouverreglene for medisinsk forfatterskap, kan det noen ganger være aktuelt å skille mellom forfattere og andre bidragsytere” (sm.st.). Desse andre bidraga kan nemnast til dømes gjennom omtale og takk i eit forord.

Blant forskarane innan humaniora, samfunnsfag, juss og teologi har det i praksis vore lite utbreidd med medforfattarskap. Bøker, artiklar, doktoravhandlingar, masteroppgåver er normalt sjølvstendige arbeid utforma og skrive av ein person. Det er som regel einskildforskarar som har formulert problemstillingar, gjennomført datainnsamling og -bearbeiding, og sjølv skrive teksten. Sjølvsagt har forskarar flest kontakt med andre og drøftar gjerne arbeida sine i breiare forskingsmiljø, på seminar, konferansar osb. Det er ein del av den akademiske arbeidsmåten. Også på doktorgradsnivå er avhandlinga innan humaniora og samfunnsfag tradisjonelt ein monografi med kandidaten som eineforfattar. Rettleiar er normalt ikkje medforfattar korkje på doktorgradsnivå eller på masternivå. Mange eineforfattarar har likevel valt å omtala andre bidragsytarar, gjerne med takk, i eit forord eller i ein innleiande fotnote. Dette ser ut til å verta meir vanleg.

Dei høvesvis strenge NESH-krava står med andre ord på ein solid tradisjon og praksis innan dei faga det gjeld. Det kan også hevdast at det innan fag som særleg er opptekne av kultur og samfunn der m.a. språkleg kommunikasjon er eit tema, vil forståinga av nemninga ’forfattar’ utan vidare verta knytt til ein som skriv. Slik er det t.d. også i engelsk språk, der ein ’author’ er jamstilt med ein ’writer’.

På ei anna side, har det frå naturfag og medisinske fag vore hevda at større forskingsprosjekt, etablering av forskargrupper, gjerne med fleire fag representerte, og/eller  behov for spesialkompetanse av ulik art, mykje ligg til grunn for deira bruk av nemninga medforfattarar på ikkje-skrivande bidragsytarar. Men det har vore diskusjon om dette også innan desse faga. To profilerte etikkdebattantar innan medisin har målbåre ulike synsmåtar. Professor Per Brandtzæg har framhalde at ein i fleirfagleg arbeid og større prosjekt ikkje kan stå inne for alle detaljar i ein sams artikkel, og at medforfattarskap må byggja på tillit mellom medforskarar heller enn på direkte ansvar for heile artikkelen for alle medforfattarane. Han meiner òg at rettleiarar normalt bør stå som medforfattarar på avhandlingar. Professor Magne Nylenna har på si side teke utgangspunkt i definisjonen på ein forfattar som ein som har skreve noko, og framhalde at uberettiga medforfattarskap utgjer den vanlegaste forma for å opptre ureieleg innan forsking (Nylenna og Brandtzæg attgjeve etter etikkom.no, ope møte om medforfattaransvar 10.03.2006).

 

Utvikling

Ein har likevel innan NESH-faga  sett nokre tilfelle av at personar som har gjeve bidrag som idear eller teknisk hjelp, har stått som forfattarar ved sidan av den eller dei som har  skrive teksten. NESH gjorde i 2008 ei lita undersøking om erfaringar med å nytta forfattarnemninga på andre enn skrivarar, og det ser ut til at det særleg gjeld i nokre av samfunnsfaga, som i delar av psykologien og sosiologien og særleg i fag og emne som ligg nær til medisin og naturfag. Samla sett for NESH-faga er dette likevel unntaka. Dei aller fleste NESH-faga oppfyller kravet om skriving for å nytta forfattarnemninga.

Når det gjeld rettleiar som medforfattar, har dette vore mest aktuelt der avhandlinga er ei artikkelsamling. Òg  innan humaniora og samfunnsfag har artikkelsamling vorte ei mogeleg form. Dette treng likevel ikkje utvikla seg i retning av den naturfaglege praksisen der det ikkje er uvanleg at rettleiaren står som medforfattar på ein eller fleire av artiklane som inngår i gradsarbeidet. Ein kan i denne samanhengen reisa spørsmål om medforfattarskap kan sameinast med sjølvstendekravet til doktorarbeidet, der kandidaten er oppe til ein prøve. Ein kan òg stilla spørsmål om rettleiarfunksjonen, som er pedagogisk verksemd i eit lærar-lærling-tilhøve, vert forkludra ved at rettleiaren er medforfattar.    

Det kan heller ikkje hevdast nokon naudsynt årsakssamanheng mellom større, gjerne fleirfaglege forskingsprosjekt, og bruken av ikkje-skrivande medforfattarar. Innan humaniora og samfunnsfag har det òg vore slike store forskingsprosjekt, utan at forfattarnemninga med naudsyn har vorte utvatna av den grunnen. På ei anna side har det nok ikkje alltid vore fullgod praksis, særleg innan humanistiske fag, når det gjeld å gjera greie for kva andre bidragsytarar har stått for. Dermed kan dette skriftstykket verta avslutta på samlande vis: Uansett rådande praksis i eit fag, anten ulike typar bidrag kvalifiserer til forfattarnemninga, eller nemninga vert avgrensa berre til dei som skriv, så vert det i alle høve viktig å gjera rettmessig greie for kva den einskilde bidragsytaren har levert og er ansvarleg for.