Helsepersonell, politifolk, brann- og redningspersonell, sivilforsvar og heimevernet, spontane og organiserte frivillige la alle ned ein stor innsats 22. juli. Mange har også vore involvert i oppfølginga i lang tid etterpå. Korleis har dei ulike gruppene takla dei ekstreme opplevingane, og kva oppfølging har dei fått sjølve?

Øivind Ekeberg og Laila Skogstad ved Oslo universitetssykehus har gjennomført ei undersøking av nesten 2000 personar som var på jobb eller spontant stilte opp da Norge vart rysta av terror.

Eli Gunhild By er forbundsleiar i Norges sjukepleiarforbund, og vil gi oss arbeidstakarane sitt perspektiv.

Litteraturhuset, Nedjma 18. oktober kl 0815–0945

Frukost og kaffe blir servert fra 0800