Arbeidet som vert gjort ved røyk- og kjemikaliedykking kan medføra at arbeidstakarane vert utsett for farer med høg risiko for helseskader, med mindre alle aktuelle førebyggjande åtgjerder vert tatt. Røyk- og kjemikaliedykkarane ber tung utrustning, ofte i svært høg temperatur og under stort psykisk press, og dette stiller store krav til arbeidstakarane. I tillegg til å skulle løysa sine oppgåver ved brann og redning, skal dei også sjølv kunne koma seg ut av fareområder når dette er naudsynt. Då dei lastene som eit røyk- eller kjemikaliedykk utset arbeidstakarane for er dei same for alle, vert krav til helse, fysisk tåleevne og styrke uavhengig av alder, kjønn og erfaring til arbeidstakarane.

På denne bakgrunn er det definert spesifikke helse- og funksjonskrav for røyk- og kjemikaliedykkarar. Desse krava er etablert for å ;

  • Verne røyk- og kjemikaliedykkaren si helse og tryggleik
  • Sikre at helse eller fysiske forhold hjå røyk- og kjemikaliedykkaren ikkje set andre arbeidstakarar si helse og tryggleik i fare.


Eit av funksjonskrava jfr. OLF sine bransjekrav er;
Ein mann skal i fullt operativt røykdykkarutstyr (klede + flaskepakke = 23 kg, personen skal i tillegg puste gjennom maske med luft frå pressluftapparatet) slepe ei dukke = 80 kg over ein viss distanse med ilagte hindringar. Vi har fått rapportar på at godt trente arbeidstakarar har pådratt seg belastningsskade i ryggen som ei følgje av denne testen. Denne testen har utløyst diskusjonar i medisinske fagmiljø. Ein arbeidssituasjon som inneber løft av sekker over 20 kg vert rekna for uforsvarleg og krever særskilde tiltak.

  • Er dette akseptabel risiko ?


Røykdykkarane er også særskild utsette for stor varmebelastning, med reell risiko for overoppheting – i verste fall heteslag. Eit anna faremoment er forbrenning av ikkje tildekt hud. Sistnevnte problem skal ikkje vera eit reelt problem for røykdykkarane då desse skal ha full tildekkking. Imidlertid kan varmeeksponering og forbrenning vera eit potensielt problem for anna innsatspersonell (brannbiloperatørar, slangeutleggarar, førstehjelparar m.fl.) som ikkje er røyk- eller kjemikaliedykkarar.

Tilsvarande problemstilling eksisterer for operatørar på installasjonar i Nordsjøen og på landanlegg i samband med arbeid nær fakkel. Oljedirektoratet (OD) og American Petroleum Institute (API) har definert kva for strålingsnivå som vert rekna for akseptabel personbelastning. Det er også utarbeida tabellar for strålingsbelastning som byggjer på forskning frå branntreningsfelt (t.d. frå Esbjerg). Eksponert personell har imidlertid rapportert at definerte grenseverdiar kan synast å representera relativt store tryggleiksmarginar. Design av fakkel og strålingssoner representerer ein stor kostnad ved byggjing/modifisering av installasjonar, dess større avstand, dess større kostnad.

Det vart difor sett i gang eit prosjekt som skulle testa ut grensene for varmeeksponering/varmetoleranse. Det vart bygd ein test-fakkel (10 m høg, 30 grader utslepp) ute på eit anleggsområde der vindtilhøva ofte kan vera lite forutsigbare. Strålingsfluksen rundt fakkelen vart målt i vindstille vêr og strålingssonene vart definert. Testsituasjonen gjekk ut på at dei frivillege forsøkspersonane (ca. 30 i talet) skulle opphalde seg i dei ulike strålingssonene så lenge dei greidde å halda ut medan dei rapporterte munnleg om korleis situasjonen vart opplevd. Dei skulle søkja dekning bak ein flyttbar metallskjerm med ein gong dei fann situasjonen utåleleg. Forsøkspersonane skulle vera iført vanleg off shore klede/utstyr. Dei vart også utstyrt med rectal- og hudtermometer samt pulsklokke.

  • Representerer ein slik test-situasjon ein akseptabel risiko for forsøkspersonane?
  • Er dette forsøket etisk akseptabelt?
  • Er det skilnad på risiko som kan aksepterast i treningssituasjonar og reelle arbeidsituasjonar/beredskapssituasjonar?
  • Kan ein beredskapssituasjon samanliknast med ein vanleg arbeidssituasjon?
  • Korleis kan risiko samanliknast mellm ulike arbeidstakargrupper?
  • Rimeleg forhold mellom risiko og nytte ? For kven må det vera nyttig?