Meir enn 7000 forskarar frå heile landet har svara på RINO-undersøkinga, som tek føre seg haldningar til og erfaring med fylgjande uakseptable og såkalla diskutable forskingspraksisar:

  • Å fabrikkere data
  • Å forfalske data
  • Å plagiere
  • Å tildele gåveforfattarskap
  • Å nekta eller utelata forfattarskap
  • Å dele opp forskingsresultat til to eller fleire vitskaplege publikasjonar for å auke publikasjonspoeng, so det går ut over vitskapeleg kvalitet (salamisering)
  • Å unnlata å informera om avgrensingar eller usikkerheit i datagrunnlag, analyse og /eller konklusjon
  • Å endra design, metode eller press frå interessentar eller finansieringskjelder
  • Å ikkje varsla om brot på forskingsetiske retningslinjer
  • Å kopiera andre sine kjelder
  • Å inkludera irrelevante referansar for å auka siteringa for ein kollega eller forskingsmiljø
  • Å bruka data når eigarskapet er omstridd

Den fyrste delrapporten i prosjektet (Etikk og integritet i forskning - resultater fra en landsomfattende undersøkelse) fann eit haldningshierarki, der fabrikkering, forfalsking og plagiat vart rekna som dei mest alvorlege overtrampa. Strategisk bruk av sitat og strategisk oppdeling av forskingsresultat (salamisering) vart rekna som minst alvorlege.

Finn risikogruppe

Den andre delrapporten, Diskutable forskningspraksis: holdninger og handlinger, ser nærare på dei ni diskutable praksisane. 40 prosent av forskarane seier dei har vore med på minst ein diskutabel praksis dei siste tre åra.

Rapporten går og inn på klynger i materialet og finn mellom anna ei gruppe på 13 prosent som har auka sannsyn for å ha tildele gåveforfattarskap. Ei anna gruppe, kalla dei diskutable, har klart høgare sannsyn for å ha gjort noko diskutabelt. Denne gruppa vart kalla ei risikogruppe.

Forskarane finn at 4,8 prosent av respondentane seier dei har vore med på minst tre diskutable praksisar dei siste tre åra. Dette omtalar dei som urovekkande. 

Dei skriv i avslutninga at dei håper rapporten vil opne for diskusjonar om dei forskingsetiske normenes status i eit stadig meir komplekst forskarsamfunn.

Las heile rapporten her.