Med forskingsetikklova i 2007 blei det oppretta eit klagesystem for avgjerdene i dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). NEM vart då klageinstans.

I 2009 handsama den nasjonale komiteen 12 klagesaker, der nokre var klager på avgjerder i Helsedirektoratet. Helseforskingslova, som gjeld frå juli i fjor, overførte til REK ein del oppgåver Helsedirektoratet hadde hatt, mellom anna vurdering om fritak frå teieplikt. 5 av klagene NEM handsama i fjor, var saker som omhandla fritak frå teieplikt. 4 fekk medhald i klagen.

Oversikt over alle klagesaker NEM har handsama.