Av Nils Brückner, Institutt for miljø- og naturvitenskap, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal / UiT Norges arktiske universitet og Stein Bondevik, Institutt for miljø- og naturvitenskap, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal

Dei italienske jordskjelvforskarane tok feil, og 300 menneske omkom i byen L'Aquila i 2009. Hadde dei varsla at byen måtte evakuerast, hadde mange vorte redda.

I dagane før var det mange mindre jordskjelv i området. Forskarane tolka denne svermen av småe jordskjelv som at spenninga som hadde bygt seg opp i jorda, vart frigjort, og at det var liten risiko for eit stort jordskjelv.

I røynda var dei småe skjelva ein indikasjon på at det bygde seg opp spenningar. Det store skjelvet kom. Forskarane tok feil, sjølv om dei støtta seg på den rådande kunnskapen. Det vart krise, og geologane som ikkje varsla om det store skjelvet, vart dømde til fengselsstraff for å ha gitt ukorrekt, ufullstendig og motseiande informasjon. Geologar verda over var i sjokk. Heldigvis vart dei tiltalte frikjende i ankesaka i 2014.

Vellykka «føre var» i Romsdalen

Geologane som har overvaka Mannen i Romsdalen har òg teke feil. Den 28. oktober i 2014 var dei heilt sikre på at fjellet Veslemannen kom. Vurderingane var basert på gjeldande teoriar for korleis akselerasjonen er, rett før eit fjell kollapsar. I skrivande stund har det ustabile fjellet kome ned, og folka under fjellet kan endeleg flytta heimatt, etter å ha evakuert 16 gonger sidan første gongen i 2014. Med stort hell har geologane brukt føre var-prinsippet og varsla kvar gong dei meinte det var stor fare for skred.

Føre var-prinsippet handlar om at manglande kunnskap og usikkerheit ikkje skal brukast som grunnlag for å unnlata å gjera tiltak, men at tvilen skal koma miljøet og naturen til gode. Det ideelle i naturvitskapen, som i fysikk og kjemi, er at lover og samanhengar vert utleia, eller deduserte, frå nøyaktige observasjonar og repeterte eksperiment. Prosessane som fører til geofare, er svært komplekse, det er uråd å gjennomføra realistiske eksperiment, og kunnskapen er ofte deskriptiv.

Dei geologiske vurderingane om ein føreståande fare er mykje basert på erfaring, altså induksjon, og vil vera usikre. Difor må føre var-prinsippet brukast som eit prinsipp i varsling av naturfare.

Retningslinjene bør endrast

Føre var-prinsippet er formulert i «Forskningsetiske retningslinjer for naturvitenskap og teknologi», men slik det er formulert i dag, gjeld ikkje dette prinsippet for kunnskap om naturfare. Dette må endrast. Forslaget vårt er at naturfare vert teke med i forklaringa om «føre var-prinsippet», punkt 9 i rettleiaren, på denne måten (endringar i utheva skrift):

«Der det foreligger plausibel, men usikker kunnskap om at en teknologisk anvendelse, en naturfare, eller en utvikling av et forskningsfelt kan føre til etisk uakseptable konsekvenser for helse, samfunn eller miljø, skal forskerne innenfor det aktuelle forskningsfeltet bestrebe seg på å bidra med kunnskap som er relevant for å følge føre var-prinsippet.» Og vidare: «Når menneskelige aktiviteter eller naturfare kan føre til moralsk uakseptabel skade som er vitenskapelig rimelig, men usikker, skal man foreta handlinger for å unngå eller minske slik skade.»

Å leva med angsten for «ulv, ulv»

Å inkludera naturfare i føre var-prinsippet i dei forskingsetiske retningslinjene er viktig. Den teknologiske utviklinga av sensorar og måleinstrument, og ikkje minst ny kunnskap om komplekse naturfenomen, gjer at føreståande naturfarar vert oppdaga og kan varslast. Då må føre var-prinsippet brukast. Utfordringa vert å ikkje ropa «ulv, ulv» – men å varsla ein gong for mykje er alltid betre enn ein gong for lite.

Klimaendringar og menneskeleg byggeaktivitet vil også påverka og auka omfanget og frekvensen av naturfarar i framtida. Eit døme på dette er det uvanlege regnvêret som utløyste mange jordskred på begge sider av Jølstravatnet i sommar. Ein av prognosane til meteorologane synte store nedbørsmengder ved Jølster, men dei stolte ikkje nok på denne prognosen til å varsla. Det kan ha vore ei klok avgjerd fagleg sett, men eit jordskred feide ein bil i Jøstravatnet og ein mann er framleis sakna.