Grensene mellom forsking og andre typar kunnskaps-produksjon, for eksempel utgreiingar, evalueringar og konsulentverksemd, kan vere svært flytande. Tydelege skilje manglar også mot utvikling og innovasjon.

– Behovet for eit klart svar på kva forsking er, har bygd seg opp over tid. Mangelen på eit slikt svar blir stadig meir problematisk – ikkje minst sidan forsking i aukande grad er underlagt ulike lovreglar, seier John Peter Collett, professor i historie ved Universitetet i Oslo.

Collett har universitetshistorie som eitt av sine fagområde, og meiner mangelen på ein klar definisjon har gått frå å vere noko forskingsmiljøet kan leve med, til
å bli eit ganske brennbart spørsmål.

Truverde under press

Det er utfordrande, både for forskinga og forskingsetikken, å definere eigne grenser og eige verkeområde, ifølge forarbeida til den gjeldande forskingsetikklova. 

Kunnskapsdepartementet valde å legge OECD sin definisjon av forsking og utviklingsarbeid til grunn i lovproposis-jonen. Det til trass for at denne definisjonen blei laga for å kunne samanlikne økonomisk aktivitet – altså kor mykje pengar ulike land brukar på forsking og utvikling (FoU).

– Den seier ikkje noko om kva slags normer som må ligge til grunn før noko kvalifiserer til forsking, seier Annette Birkeland, jurist og sekretariatsleiar i
Det nasjonale utvalget for gransking av uredelighet i forskning (Granskingsutvalget).

OECD sin definisjon er nedfelt i den såkalla Frascati-manualen, som blir forvalta av Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) her i Noreg. Instituttet har ansvaret for den norske FoU-statistikken.

– Formålet med definisjonen i Frascati-manualen er å lage statistikk, seier Sveinung Skule, direktør i NIFU.

Upraktisk OECD-definisjon

Ifølge manualen er FoU «kreativ verksemd som blir utført systematisk for å oppnå auka kunnskap, herunder kunnskap om mennesket, kultur og samfunn – og omfattar også bruken av denne kunnskapen til å finne nye bruksmåtar. For å falle inn under FoU-omgrepet må aktiviteten innehalde noko nytt, vere kreativ, ha usikkerheit knytt til resultatet, vere systematisk og kunne overførast og/eller reproduserast.»

– Denne definisjonen er i realiteten vanskeleg å bruke fordi den slår saman forsking og utvikling, og fordi den famnar så vidt. Er det forsking når nokon skriv eit nytt dataprogram? spør Collett.

Han viser til at forsking tidlegare hadde ei klar institusjonell avgrensing. Det var universitet, institutt og andre institusjonar med statleg finansiering som dreiv med forsking.

– Staten var på ein måte garantist for at forsking var forsking.

Kva er ein forskar? 

Så kom ønsket om forsking i næringslivet. Bedriftene sto utanfor staten og forskinga sine tradisjonelle rammer, og Forskingsrådet fekk etter kvart ansvar for alt frå grunnforsking til produktutvikling.

– Dermed blei det ikkje mogeleg å stole på den institusjonelle avgrensinga vi hadde før, seier Collett.

Han trur ikkje det går an å lage ein definisjon som kan famne all forsking i dag, men er villig til å spekulere i kva ein slik definisjon ville måtte vere bunden til.

– Eg tviler på at det er mogeleg å legge noko anna enn yrkesetikk til grunn. Om det ikkje let seg gjere å finne ei avgrensing av forsking som aktivitet, kan ein kanskje definere kva ein forskar er, seier Collett.

«Big Science»

Samtidig som den institusjonelle avgrensinga har gått i oppløysing, har også dimensjonane på prosjekta og organiseringa av dei endra seg, påpeiker Matthias Kaiser som er instituttleiar ved Senter for vitenskapsteori ved Universitetet i Bergen.

 – Einstein dreiv sin revolusjon åleine, med papir og blyant, frå kjøkkenbenken i Bern. Etter andre verdskrig har vi fått «Big Science», som starta med utviklinga av kjernefysiske våpen i Manhattan Project, fortel han.

Big Science betyr at prosjekta er store og vanlegvis finansiert av myndigheitene i éin nasjon eller grupper av nasjonar. Ifølge Kaiser er bakgrunnen ei førestilling om at ein kan og bør styre forsking mot eit mål som samfunnet ønsker å nå, alt frå å løyse klimaproblemet til å finne ut kva vi skal gjere med alle flyktningane.

Treng felles forståing

Utviklinga mot større prosjekt og meir internasjonalt samarbeid har auka behovet for å styrke reguleringa av forsking, meiner Kaiser. Då er føresetnaden ei slags felles forståing av kva det er ein regulerer.

Historieprofessor Collett skildrar problemet som eit paradoks. Sidan forsking er blitt alminneleg og finnast over alt, har tidlegare institusjonelle avgrensingar gått i oppløysing. Samtidig treng vi avgrensing for å kunne gjere forskinga til gjenstand for lovar og reglar.

– Korleis vi skal finne ei løysing på dette, det veit ikkje eg, seier historieprofessoren.

Truverd under press 

Problemet er ikkje avgrensa til tekniske spørsmål innan juss og forvalting. Truverdet til forskinga er under aukande press frå aktørar som spreier store mengder desinformasjon på internett.

«Det er uakseptabelt å kalle noko for forsking dersom det faktisk ikkje er det. Dette bidreg til å vatne ut omgrepet forsking. Det er svært uheldig når omgrepet allereie er under press, jamfør nyare debattar om falske nyhende og falsk forsking».

Sitatet er henta frå eit høyringsutsegn frå De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK) der Statistikklovutvalet (NOU: 2018:7) får kritikk for å skape uvisse rundt kva for delar av aktiviteten til Statistisk sentralbyrå som kan kallast forsking.

Viktig og vanskeleg skilje 

Å skilje forsking frå tilgrensande aktivitetar kan altså vere viktig, men også vanskeleg – ikkje minst sidan det er vanleg at forskarar og forskingsinstitusjonar driv både med forsking, utgreiing, evaluering, konsulentverksemd, utviklingsarbeid og innovasjon.

Ein rapport eller ei utgreiing kan sjå ut som forsking utan å vere det. Ein forskar eller forskingsinstitusjon som avsendar kan vere nok til å skape eit slikt inntrykk. Assosiasjonen til forsking låner truverde.

– Det blir stadig viktigare at politikken skal vere kunnskapsbasert, men kunnskapsbasert er ikkje nødvendigvis det same som forskingsbasert, seier sekretariatsleiar Birkeland.

Kven har ansvar?

No finnast det rett nok både god og dårleg forsking. I forskarsamfunnet er det likevel einigheit om visse krav som skal auke sjansane for at forskinga gir god informasjon og kunnskap om verda. 

For eksempel må arbeidet, før det kan bli publisert som forsking, vurderast av andre, uavhengige forskarar med ekspertise på fagfeltet – ei såkalla fagfellevurdering. Dette, og andre innebygde krav, gjer sitt til at forsking framleis er oppfatta som den beste tilnærminga vi har for å skaffe solid kunnskap om verda.

Kva blir konsekvensen dersom dette truverdet rammast? Kva slags ansvar har forskarar, forskingsinstitusjonar og forskarsamfunnet for å trygge forskinga sitt truverde ved å tydeleggjere kva som er og ikkje er forsking?

Institusjonane må være tydelege

At forskarar produserer ting som ikkje er forsking, er ikkje nytt. Dei skriv lærebøker, er med på offentlege utgreiingar, produserer forskingsoppsummeringar eller vurderer prosjekta og arbeida til andre forskarar. 

Nokre typar produksjon er likevel lettare å forveksle med forsking enn andre. Forarbeida til forskingsetikklova understreka at både forskarar, institusjonar og forskarsamfunnet må ha høg bevisstheit om eigne roller i denne samanhengen.

 «For institusjonar som også utfører ulike konsulentoppdrag, er det avgjerande, både for institusjonen si gjennomføring av oppgåvene og for mellom anna legitimiteten mot utsida, at det er stor bevisstheit og openheit om kva slags oppdrag som blir utført. Institusjonane må vere tydelege på kva som er å rekne for forsking og kva som er andre typar oppdrag.»

 – Kunnskapsdepartementet har altså lagt ansvaret på institusjonane. Det er dei som skal tydeleggjere kva som er forsking og kva som ikkje er det, seier sekretariatsleiar Birkeland.

Lova er såpass ny at Birkeland er usikker på kor kjende institusjonane er med dette.

– Vil det seie at forskarar og institusjonar bør oppgi det dersom ei evaluering, utgreiing eller liknande ikkje er forsking?

– Det kan vere ein ryddig måte å vere tydeleg på. Då kan institusjonane seie at dei har brukt vitskapeleg metodikk, men at arbeidet likevel ikkje er å rekne som forsking, men som kunnskapsproduksjon.

Ulike definisjonar

Enten det er snakk om myndigheiter som skal regulere eller forskarar som skal vere tydelege, aukar behovet for ei klårgjering av omgrepet forsking.

I høyringsutsegna om utgreiinga frå  Statistikklovutvalet oppfordrar FEK til at regjeringa går gjennom korleis omgrepet forsking blir definert og operasjonalisert i norsk regelverk.

«Forsking blir ofte brukt som eit felles omgrep på tvers av sektorar, men er definert eller praktisert ulikt i norsk regelverk. Sjå for eksempel forskingsetikklova, helseforskingslova, personvernregelverket, eksportkontrollforskrifa, og så vidare. Det kan føre til uklarheiter og misforståingar når eit generisk omgrep blir gitt ulikt innhald i forskjellige sektorar. Dette er uheldig, og variasjonane bør difor avgrensast», skriv FEK i høyringsutsegna.

Instituttleiar Kaiser, som har skrive boka «Hva er vitenskap?», sparkar ballen tilbake til FEK, og trur ikkje det er optimalt at jussavdelingar i departementet får i oppgåve å løyse floken.

Grov forståing 

– Det er uansett ikkje realistisk med ein enkel definisjon som fangar opp alt. Vi må snakke om ei slags grov forståing av kva forsking er i motsetnad til tilgrensande ting, som for eksempel konsulentverksemd, seier Kaiser.

Han ser for seg at FEK kan lage ein rapport som viser kompleksiteten i forskarkvardagen, med visse grove retningslinjer eller avgrensingar. Sjølv
om sentrale punkt som fagfellevurdering kan det bli debatt.

– I instituttsektoren er det mange former for kunnskapsproduksjon som bør reknast som forsking, sjølv om ikkje alt av det blir publisert i tidsskrift med fagfellevurdering, seier NIFU-direktør Skule.

Uansett er forsking er eit rørleg mål, ifølge Kaiser. Sekretariatsleiar Birkeland poengterer også dette.

– Veldig streng avgrensing kan gi bokstankegang og hindre dynamikk. Det er viktig å få utvikla forskingsomgrepet vidare, seier ho.

Etisk tomrom? 

Definisjonen av forsking har sjølvsagt også innverknad på kva for ein aktivitet som er underlagt forskingsetiske normer. Granskingsutvalget har ved fleire tilfelle opplevd at prosjekt som blir klaga inn for brot på anerkjende forskingsetiske retningslinjer, forsøker å definere seg ut av forskinga.

 – Det kan virke som enkelte vil definere seg inn i eit etisk tomrom. Det går ikkje, seier Birkeland.

Det kviler faktisk eit større ansvar på dei som opererer innan eit område der normene ikkje er nedfelt, understrekar ho.

– Då må du sjølv, utan støtte i nedskrivne retningslinjer og praksis, argumentere og stå for at du faktisk har handla moralsk ansvarleg.