Aktørar som løyver pengar til forsking, tek ulike grader av ansvar for å sikre at prosjekta dei finansierer er forsvarlege.

– Krava om tydeleg vektlegging av etikk og integritet er mykje større for EU-søknader. Vi treng ein diskusjon om dette i Noreg, seier Vidar Enebakk, sekretariatsleiar for Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH).

Frå og med i år har Forskingrsådet endra krava til etisk refleksjon i prosjektsøknader (sjå føregåande sak). Resultatet er likevel langt unna krava
i søknadsprosessane til Horizon 2020, EU sitt noverande rammeprogram for finansiering av forsking, teknologisk utvikling og innovasjon.

Ein av dei store skilnadene er at EU bruker eigne etikkpanel til å vurdere forskarane sin gjennomgang av etiske problemstillingar. I enkelte tilfelle blir etikkekspertar kopla direkte inn som rådgjevarar i prosjekta, med uavhengig rapportering til EU.

– La ein dempar på gleda

Aike Peter Rots er førsteamanuensis ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo (UiO). Sommaren 2018 fekk han eit såkalla «Starting Grant» frå det europeiske forskingsrådet ERC. Det er ein type tildeling meint for forskarar på eit tidleg punkt i karrieren.

– Eg hadde ikkje heilt venta meg den ekstra belastninga med gjennomgangen av dei etiske aspekta etterpå. I første omgang la det ein dempar på gleda over
å få tildelt nærmare 15 millionar i forskingsmidlar, fortel Rots.

I kjølvatnet av at ERC sine fagpanel har innvilga ein søknad, startar nemleg prosessen med ein uavhengig «ethics review» for prosjekt som har minst éi etisk problemstilling. Føresetnaden for å få utbetalt pengane er at prosjektet kjem seg heilskinna gjennom denne vurderinga.

Prosessen kan ha fleire trinn og vere meir eller mindre omfattande avhengig av omfanget og kompleksiteten til dei etiske utfordringane.

– I den opphavlege søknaden skreiv eg rundt to sider om dei viktigaste etiske utfordringane ved prosjektet, og eg tenkte det var ganske detaljert. Det var ikkje nok. Det som var forventa var mykje meir detaljert, fortel Rots.

Måtte tenke på detaljane

I september fekk han ein rapport frå ERC sine etikkekspertar, med ei rekke spørsmål han måtte svare på.

Prosjektet som Rots leier, tek for seg forholdet mellom menneske og sjøpattedyr i maritime område i Aust-Asia. Det konsentrerer seg om folkelege religiøse ritual og tru. Ein viktig del av metodikken er etnografiske feltstudiar.

– Eg fekk mellom anna spørsmål om samtykkeskjema, om kva eg skulle gjere dersom eg snakka med barn, om eg skulle ta opp film, om datasikkerheit og mange andre ting, fortel Rots.

Ein del av spørsmåla hadde han ikkje heilt tenkt over på førehand, og nokre av dei kunne han ikkje så mykje om heller.

– Dermed blei eg tvinga til å tenke mykje meir detaljert rundt metodane i prosjektet, og korleis vi skal verne informantane våre, seier forskaren.

Strengare handtering frå 2018

Eit par veker seinare sende han inn ei ny eigenvurdering av dei etiske sidene ved prosjektet. Den vart på rundt åtte sider. Deretter måtte han vente.

I november fekk han svar om at prosjektet var godkjent. Føresetnaden var seinare innsending av dokumentasjon på at prosjektet også har innhenta godkjenningar frå lokale myndigheiter i alle dei aktuelle landa.

Først i desember, nesten eit halvt år etter at søknaden vart innvilga, blei avtalen om finansiering av forskingsprosjektet signert, slik at det var klart for utbetaling.

– Prosessen var både tidkrevjande og arbeidskrevjande, men eg har lært ein heil del og blitt meir bevisst på utfordringar som kan oppstå. Det har vore fint å tenke gjennom ting tidleg og bli bevisst ulike problemstillingar før sjølve prosjektet startar, heller enn å bli overrumpla av dei når vi er ute på feltarbeid, seier Rots.

I prosessen med søknaden fekk han mellom anna hjelp frå Magnus Gardar Evensen, seniorrådgjevar ved HF-fakultetet sin forskingsseksjon. Evensen fortel
at ERC i 2018 blei mykje strengare i handteringa av etikken i søknadene.

– Det er nok ein konsekvens av innføringa av personvernforordninga General Data Protection Regulation (GDPR). Det verkar som den fekk Europa til å tenke meir på både personvern og etikken i prosjektsøknadene, seier han.

Vurderinga skal vere upartisk

For andre EU-prosjekt kan prosessen med etisk kvalitetssikring bli enda meir omfattande enn den blei for prosjektet til Rots.

– Dersom forskarane gir ei ufullstendig eller uklar etikkvurdering av eige prosjekt, kan dei få pålegg opp å ha nærmare oppfølging av etikken. Det vil seie ein ekspert eller ein komité som følger prosjektet og fungerer som rådgjevarar eller tilsynsførarar, fortel Enebakk i NESH.

Det er lagt stor vekt på at etikkvurderinga skal vere upartisk, og at det er eit eige system for dette. Eventuelle etikk-rådgjevarar eller -tilsynsførarar rapporterer difor uavhengig av sjølve prosjektleiinga.

– I spørsmål om forskingsetikk tematiserer EU mykje tydelegare ansvaret til dei som løyver pengar. NESH er veldig oppteken av at det bør bli lagt meir vekt på dette i Noreg også, seier Enebakk.

Mange instansar finansierer forsking, innovasjon og utgreiingar, eller andre former for kunnskapsproduksjon. NESH ønsker å dreie merksemda mot desse.

– Korleis er ansvaret deira formulert? Dette er undertematisert, seier Enebakk.

Ikkje lovfesta ansvar

Då den nye forskingsetikklova kom i 2017, blei det mykje tydelegare at forskingsetikken ikkje er ansvaret til den enkelte forskar åleine. Lova formulerte eit mykje tydelegare og konkret ansvar for forskingsinstitusjonane. Institusjonar som løyver pengar til forsking, blei ikkje nemnt i lovteksten.

I forarbeida til lova heiter det at hovudansvaret for utøving av god forskingsskikk og for å følge anerkjende forskingsetiske normer ligg hos alle involverte forskarar og forskingsinstitusjonar. Lovproposisjonen avgrensa Forskingrsådet si rolle til å informere om at forskingsetiske normer skal følgast. Den understreka dessutan at finansiering frå rådet ikkje på nokon måte medfører at forskinga er godkjend ut frå forskingsetiske normer.

– Forskingrsådet sin policy er at prosjektansvarleg har hovudansvaret for at forskinga blir gjennomført i samsvar med forskingsetiske retningslinjer, seier Rune Schjølberg, spesialrådgjevar i Forskingrsådet.

Fagekspertane tek også etikken

Rådet har henta sitt nye system for søknadskrav og vurderingskriterier frå ERC, men systemet med uavhengig etisk vurdering innfører dei ikkje.

– Vi har førebels ikkje lagt opp til å hyre inn eigne ekspertar til å vurdere forskingsetikken i søknadene. Vi meiner at dei fagekspertane vi har, må kunne beherske den etiske fagstandarden og vere godt trent i korleis dei skal handtere forskingsetiske problemstillingar, seier Schjølberg.

Her er det kontrast til den meir aktive rolla ERC tek i å sikre forskingsetikken.

– Spørsmålet er om Forskingrsådet, og andre som løyver pengar til forsking, har eit sjølvstendig ansvar for forskingsetikk, eller om dei berre har ansvar for å bidra til at andre tek sitt ansvar. Sagt på ein annan måte: Er det greitt å løyve midlar til prosjekt som er uforsvarlege? spør Enebakk i NESH.

Helene Ingierd er sekretariatsleiar for Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT). Ho understrekar at det no kjem klare anbefalingar frå fleire kantar om at dei som løyver pengar til forsking, må ta sin del av ansvaret for forskingsetikken.

– For eksempel kjem Science Europe med sterke anbefalingar om at institusjonar som finansierer forsking, tek eit ansvar her, seier ho.

Science Europe er ein samarbeidsorganisasjon med 36 medlemsorganisasjonar, dei fleste forskingsråd, frå 27 land. Forskingrsådet representerer Noreg her.

Omdøme og tillit

– Internasjonalt er det meir søkelys på forskinga si aukande innverknad på samfunnsutviklinga. Då må den etiske refleksjonen også framhevast, seier Schjølberg.

Den generelle samfunnsutviklinga har også sett tilliten til forskinga under press. Ein aukande straum av propaganda og falske nyhende er med på å undergrave og angripe forskingsresultat og forskarar. Personvernet er utsett for eit massivt press frå kommersielle aktørar som tener pengar på data om folk. Integritet og etikk er viktige motgifter.

– Det handlar om å sikre omdømet og tilliten til forskinga, seier Enebakk.

Han trur mange forskarar har gode instinkt for kva som er etisk forsvarleg og ikkje, men at dei ofte manglar språket for å argumentere og grunngje vurderingane sine.

– Forskarar må vere i stand til å grunngje og artikulere kvifor. Det er eit demokratisk ideal. Offentlegheita og borgarane har krav på gode grunngjevingar for kvifor forskarane gjer som dei gjer. Dersom forsking blir oppfatta som støytande eller grenseoverskridande, skal forskarane vere i stand til å forsvare og forklare, seier Enebakk.

Språk og premissar

Etikken gir eit språk og nokre premissar for å bygge opp ein argumentasjon som forklarer andre kvifor det er forsvarleg og rett å forske på ein bestemt måte.

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane er ein viktig ressurs i denne samanhengen. Forskingrsådet viser til at forskarane skal følge dei fagspesifikke retningslinjene som er utvikla av komitéane, men ifølgje Ingierd i NENT har rådet aldri teke kontakt i søknadsprosessen for å få hjelp til vurdering av vanskelege prosjekt.

– Vi har mange gonger oppfordra Forskingrsådet til å bruke oss på den måten, seier ho.

NENT har derimot fleire gonger vurdert etisk problematisk forsking etter at prosjektet har fått finansiering og har sett i gong.

– Ved enkelte høve har vi stilt spørsmål ved kor grundig den forskingsetiske vurderinga eigentleg har vore, fortel Ingierd.

Utfordrande prosess

For Rots ved UiO var det klare fordelar ved at prosessen med å få etisk grønt lys for EU-søknaden var grundig. Samtidig meiner han det er ein del rom for betring.

– Det heile kunne nok vore forenkla, og kommunikasjonen med dei som vurderte etikken i vårt prosjekt, kunne vore mykje betre, seier han.

Rots opplevde mellom anna at spørsmåla han måtte svare på, var uklare og til dels vanskelege.

– Eg fekk hjelp frå administrasjonen her, men eg hadde nesten trengt juridiske rådgjevarar i tillegg, seier han.

Førsteamanuensen vektlegg at kompleksiteten og omfanget av lover, reglar og etiske retningslinjer har auka, og at det kan vere vanskeleg å ha oversikt.

– Mitt inntrykk er at mange forskarar er veldig forvirra og ikkje veit kva som ventast av dei, seier han.

Mange spørsmål

Enebakk i NESH fortel at komitéen har fått mange spørsmål om etikk-krava i EU.

Behovet for klargjering førte til at NESH laga ei eiga fråsegn med oversikt over søknadsbehandlinga i Horizon 2020, og med generelle råd til forskarar og forskingsadministrasjonar i Noreg.

Ifølge Rots er kompleksiteten også eit argument for at eigne etikkekspertar bør inn og sjå på prosjekta i søknadsfasen.

– Dersom Forskingrsådet meiner det er fagpanela som skal vurdere etikken, tek dei ikkje dette på alvor. Du kan ikkje forvente at vanlege forskarar utan spesialisering i dette kan vurdere både dei etiske og juridiske aspekta, seier han.

Han er dessutan kritisk til at fagpanela sine vurderingar på dette området skal påverke den endelege karakteren til prosjektsøknadene.

– Etikken burde vere noko som enten er bra nok eller ikkje. Eg syns skiljet mellom den faglege delen og etikk-vurderinga etterpå er bra i EU-systemet, seier Rots.

– Heller tillit enn kontroll

Kari Steen-Johnsen er forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn ved Institutt for samfunnsforskning. Ho meiner aktørar som finansierer forsking, har eit ansvar på dette etikkområdet, men trur ikkje at eigne etikkpanel er løysinga.

– Eg er glad for at Forskingrsådet ikkje går den vegen. Det vi treng, er ansvarlege institusjonar som er modne i si handtering av etikken. Eg har meir tru på tillitsregime enn kontrollregime. Men at det finnast tilgjengeleg etikk-ekspertise som prosjekta kan gjere seg nytte av, er veldig bra, seier ho.