Fram mot 10. april stig temperaturen på forskarkontora. Dette er nemleg Forskingsrådet sin frist for søknader om finansiering av forskarprosjekt.

Rådet har no gjort fleire endringar av kriteria for å vurdere søknader om forskingsmidlar. Kravet om ei tydelegare vektlegging av etikk er ei av dei. Det vil få konsekvensar for korleis forskarane skriv søknader, og korleis Forskingsrådet vel ut prosjekta som skal få finansiering.

– Vi meiner endringane vil medføre eit skarpare fokus på forskingsetikk, ved at søkarane må reflektere meir rundt eigne etiske problemstillingar. Heretter vil det slå hardare ut dersom omtalen av etikken er dårleg, seier Rune Rambæk Schjølberg, spesialrådgjevar i Forskingsrådet.

For lite vektlagt

Schjølberg vedgår at etikk har vore for lite vektlagt i søknadsprosessane fram til no.

– Etiske refleksjonar har ikkje blitt framheva som viktig nok. Det har vore for vanskeleg både for søkarar og ekspertar å sjå korleis dei kunne skildre og vurdere etiske problemstillingar godt nok, seier Schjølberg.

Han understrekar at det ikkje er snakk om å innføre endringar i sjølve dei etiske retningslinjene, berre i måten rådet vil få søkarane til å skildre dei etiske aspekta ved sine prosjekt.

Det er framleis dei vanlege fagekspertane som skal vurdere og sette karakter på heile søknadene, inkludert etikken.

– Endringane vil gjere det enklare å gjere desse vurderingane, seier Schjølberg.

Haleheng

Dei ulike forskingsprogramma har tidlegare hatt litt ulike malar for søknadene, men generelt har forskarane lagt fram sine etiske vurderingar heilt på slutten av prosjektskildringane.

Det vil seie at etikken har vore lausreven frå for eksempel skildringa av metodikk, forventa resultat og samfunnsrelevans.

– Det har vore meir som eit haleheng. No skal dei etiske drøftingane bakast inn saman med dei andre kriteria fagpanela brukar for å sette karakter på søknadene, forklarer Schjølberg.

Bakgrunnen for endringa er tilbakemeldingar frå panela om at søknadsutforminga har gjort etikkene vanskeleg å vurdere. Ifølge Schjølberg har mange peikt på at etikken burde vore betre omtalt i sjølve prosjektskildringane. Ekspertane har også hatt innvendingar mot vurderingsskjemaet dei måtte bruke.

Uklar etikk-avkryssing

I det gamle systemet kunne vurderinga av etikken bli svært avgrensa. Ekspertane blei bedt om å svare på dette spørsmålet: «Ivaretek prosjektet dei forskingsetiske retningslinene?» Svaralternativa var «ja», «uavklart» eller «nei».

– Mange ekspertar sa det var vanskeleg for dei å skjøne kva dei svarte på med denne avkryssinga, fortel Schjølberg.

Det var ingen automatikk i at søknadene blei flagga dersom ekspertane hadde kryssa av på «uavklart» når det gjaldt etikken.

– Nokre programkomitéar fanga opp dette, andre ikkje. Praksisen var ulik.

Fekk ikkje karakter

Systemet medførte dessutan at etikken kunne ramle utanfor den avgjerande karaktersettinga på søknadene.

Karakterskalaen går frå éin til sju, der éin er dårleg og sju er framifrå. Reelt sett er det berre søknader med ein snittkarakter på fem, seks eller sju som er med i konkurransen om pengane.

Etikk-avkryssinga var oppført under overskrifta «spesielle vurderingspunkt», saman med miljø- og kjønnsperspektiv. I det gamle systemet blei det ikkje sett karakter på denne delen.

– Om ekspertane observerte noko gale når det gjaldt etikken, kommenterte dei det av og til i tilknyting til andre delar av søknaden, og trekte karakteren ned på den måten, seier Schjølberg.

Etikk blir «eksellense»

No får etikken ein mykje tydelegare innverknad på karaktersettinga.

Frå og med 2019 har Forskingsrådet innført dei nye overordna vurderingskriteria eksellense, gjennomslagskraft (impact) og implementering.

Kriteria er dei same som blir brukte i EU-systemet, og det blir avgjerande med god karakter på alle tre for å få finansiering. Drøftingane av etiske problemstillingar skal inn under eksellense-delen.

– Forskarane kan ha ein veldig god idé, og dei kan ha skrudd saman prosjektet på ein god måte, men dersom dei har gløymt vesentlege etiske vurderingar, vil det trekke ned, seier Schjølberg.

Han fortel at endringane er del av ei større internasjonal utvikling, med meir søkelys på korleis forsking blir stadig viktigare for samfunnsutviklinga.

– Etisk refleksjon må bli tilstrekkeleg framheva for å sikre at forskingsmiljøa tek sitt samfunnsansvar, seier Schjølberg.

– Fint å tenke etikk tidleg

Kari Steen-Johnsen er forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn ved Institutt for Samfunnsforskning i Oslo. Ho ser positivt på endringa.

– Det er tidkrevjande å skrive søknader, men samtidig er det noko av det kjekkaste eg gjer: nemleg å drive fram tankane mine saman med gode kollegaer. Det er fint om den etiske tenkinga blir ein enda viktigare del av dette, seier ho.

Så lenge kriteria blir fornuftig handtert, meiner Steen-Johnsen at det er naturleg for forskarar å tenke på etikk som ein integrert del av det å forme gode prosjekt.

– Det er viktig å vurdere dei etiske aspekta i ein tidleg fase, sidan det vil vere førande for kva som er mogeleg å gjere, seier ho.

Steen-Johnsen trur at endringa er heilt i tråd med korleis forskarmiljøa ønsker å tenke fag og etikk saman.

– Dersom ein skal sjå vidare på kva som blir gjort i EU, kunne ein kanskje også vurdert å krevje at ein del av rapporteringa også skal handle om etikk. I dag rapporterer vi ikkje spesielt om etiske problemstillingar, berre om forskingsresultata, seier Steen-Johnsen.

– Ei styrke

Jim Tørresen er professor ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo. Han trur også at endringa vil auke vektlegginga av etikk.

– Einkvar forskar bør sjå på det som ei styrke, påpeker han.

Samtidig understrekar han at behovet for etiske vurderingar er ganske ulikt etter kva ein forskar på.

– Det vil ikkje vere ønskeleg at ei auka vektlegging av dette kriteriet medfører prioritering av den forskinga som har flest eller størst etiske problemstillingar, seier han.

Schjølberg i Forskingsrådet trur ikkje endringa vil medføre at prosjekt blir trekte ned i karakter dersom dei ikkje kan vise til mange eller viktige etiske problemstillingar.

– Det vil ikkje hjelpe søknaden å lesse på med problemstillingar, seier han.