Er det sukker eller feitt som er den store kosthaldssyndaren mot hjarta våre? I fleire tiår har ekspertar, b åde her heime og i andre land, peika på metta feitt. Dette har prega kosthaldråd frå statlege organ i land som USA, Storbritannia og vårt eige.

Men dei siste åra har motstemmene blitt stadig høgare: Det er sukker, ikkje feitt, vi må vakte oss for. I USA har dei nyaste kosthaldsråda frå styresmaktene no eit tak for sukkerkonsum. Britane har innført ein ny skatt på sukkerdrikkar.
Det er snart femti år sidan ernæringsprofessor John Yudkin kom med sine åtvaringar. Kva skjedde?

Eisenhowers hjarteinfarkt

Han vart lytta til først. John Yukdin var ein kjend fagmann og grunnleggjar av ernæringsavdelinga ved Queen Elizabeth College i Storbritannia. Allereie i 1957 lanserte han hypotesen om at sukker er skadeleg for helsa, i tidsskriftet The Lancet.
Men andre hypotesar skulle få langt meir merksemd. I september 1955 fekk USAs president Dwight Eisenhower hjarteinfarkt. Han insisterte på at folk skulle få vite detaljane om kva som var hendt.
Sjeflegen hans, Paul Dudley White, heldt ein pressekonferanse der han instruerte amerikanarar i korleis unngå hjarteinfarkt: Slutt å røyke, og kutt ned
på feitt og kolesterol. Ei viktig kjelde for White var Ancel Keys, ernæringsekspert ved University of Minnesota.

Britene var skeptiske

Keys hadde lansert «diett-hjarte-hypotesen», at overflødig metta feitt i kosten, frå raudt kjøt, ost, smør og egg, aukar kolesterolet og tetnar til kranspulsårene som leiar blod til hjartet.
Mange forskarar, særleg britiske, var skeptiske. Den største skeptikaren var John Yukdin, leiande ernæringsekspert i Storbritannia på den tida. Hans data tyda på at det var sukker, ikkje feitt, som var syndaren. Han meinte at sukker vart prosessert og omgjort til feitt i leveren, før det gjekk ut i blodet.
Han peika også på at menneske alltid hadde vore kjøtetarar, medan karbohydrat berre hadde vore ein viktig del av dietten dei siste 10.000 åra på grunn av jordbruket. Sukker, som er eit reint karbohydrat utan fiber eller anna næring, hadde kun vore del av menneskets diett i 300 år.

Politisk makt

Ancel Keys var ein karismatisk mann. I 1960-åra fekk han plass i fleire av dei tyngste helseorgana i USA, mellom anna American Heart Association og National Institutes of Health. Her var han med å gje råd til nasjonen og finansiere forsking i tråd med hans eiga overtyding.
Han slo også hardt ned på John Yudkin, kalla sukkerteorien «a mountain of nonsense» og meinte at han dreiv propaganda for kjøt- og meieribransjen. Når Yudkin publiserte studiar, sto Keys klar til å radbrekke både forskinga og forskaren.

Yudkin slo ikkje tilbake. Han var ein mild mann, lite dreven i politisk kamp. Dette gjorde han sårbar for angrep, også frå sukkerindustrien sjølv. The British Sugar Bureau avviste Yudkins forsking som «følerier», medan World Sugar Resarch Organisation kalla forskinga hans «science fiction».

Sjulandsstudien

Det var ikkje alle dei som støtta Keys hypotese, som var samde i at bevisa berre peika i ei retning. Men ein studie som skulle bety mykje, var sjulandsstudien, der Keys og kollegaer samla data om kosthald, livsstil og helse blant 12.770 middelaldrande menn i Italia, Hellas, Jugoslavia, Finland, Nederland, Japan og USA. Resultata vart publiserte i 1970 og viste ein korrelasjon mellom metta feitt i kosten og dødsfall frå hjarteinfarkt.
Men sjølv om ein kunne stille fleire spørsmål ved studiens metodar og utval, fekk resultata stor innverknad på offisielle kosthaldsråd. Og viktige aktørar i den vitskapelege debatten stilte seg bak hypotesen om at fett i kostholdet var farlig for hjartet.

Fleire år seinare gjekk den leiande italienske forskaren, Alessandro Menotti, attende til dataa og fann at det var sukker som korrelerte sterkast med hjarteinfarkt, ikkje metta feitt. Men studien var allereie omfamna og hadde fått stor politisk innverknad.

Yudkin vart latterleggjort

Frå å vere ein kjend og respektert forskar, vart John Yudkin dytta ut i kulden. Då han i 1973 vart invitert til å snakke med kongresskomiteen som stod ansvarleg for USAs kosthaldsråd, spurte senator George McGovern om Yudkin verkeleg meinte at høgt feittinntak ikkje var eit problem, og at kolesterol i mat ikkje var farleg.
«Eg trur begge dei tinga,» sa Yudkin.
«Det er akkurat motsett av det legen min har sagt til meg,» sa McGovern.

Yudkin vart sjeldnare invitert til internasjonale ernæringskonferansar. Artiklane hans vart refuserte. Sheldon Reiser, ein av dei få forskarane som heldt fram med å jobbe med effekten av raffinerte karbohydrat og sukker gjennom 1970-talet, sa i 2011 til forskingsjournalist Gary Taubes:
«Yudkin var så misfornøgd. Han vart latterleggjort, på ein måte. Og viss nokon andre sa noko dårleg om sukrose [sukker], ville dei seie: «Han er akkurat som Yudkin.»»

Ny interesse for Yudkin

Då Yudkin døydde i 1995, 84 år gamal, var han ein gløymt forskar. Det var først seinare at ei interesse for arbeidet hans vakna til live. Nye forskarar begynte å sjå nærare på effektane av sukker, utan å kjenne Yudkins resultat. Blant desse var endokrinologen Robert Lustig ved University of California i San Francisco.

I videoen «Sugar: The Bitter Truth» frå 2009 fortel Lustig om nyare sukkerforsking, samtidig som han viser til John Yudkins arbeid. Videoen har blitt sett fleire millionar gonger og på nytt skapt interesse for Yudkin. I 2012 kom boka hans «Pure, White, and Deadly» frå 1972 i ny utgåve.
Då journalist Ian Leslie spurte Robert Lustig kvifor han var den første på mange år som forska på farane ved sukker, svarte han: «John Yudkin. They took him down so severely – so severely – that nobody wanted to attempt it on their own.»

Les flere artikler om forskningsetisk historie 

Kilder: The Guardian, CNN, New York Times