Ved skuldingar om forskingsetiske brot klarer ikkje alltid forskingsinstitusjonar sjølv å handtere ansvaret for utgreiinga, seier Göran Collste, etikkprofessor ved Linköpings universitet i Sverige.

Å gi institusjonane meir ansvar for sjølv å handsame slike saker, er feil veg å gå, meiner han.

– I tilfellet ved Karolinska Institutet (KI) prøvde ein for eksempel å vri seg unna ved å feie problemet under teppet, seier Collste.

Han meiner ansvaret i større grad bør ligge på ein nasjonal, uavhengig instans, med høg integritet og sterk stilling.

Vil verne seg sjølve

Collste viser til at forskingsinstitusjonane har små ressursar til slike utreiingar, samtidig som sakene gjerne er kompliserte og krev erfaring. Likevel har få saker blitt sendt over til ekspertgruppa i Centrala etikprövningsnämnden som greier ut slike saker på nasjonalt nivå i Sverige.

– Så fort det blir klart at det fins nokon substans i skuldingar om etiske brot, bør slike saker handsamast på nasjonalt nivå, kommenterer Kjell Asplund.

Han er styreleiar ved Statens medicinsk etiska råd, som også har granska Macchiarini-saka. Asplund trur institusjonane gjerne vil verne seg sjølve, og at dei fort hamnar i ei interessekonflikt. Etter Macchiarini-saka har svenske forskingsinstitusjonar sendt over fleire saker til den nasjonale ekspertgruppa.

–Det er ei bra utvikling, seier Asplund.

Sparka av ministeren

Det var Helene Hellmark Knutsson, den svenske ministeren for høgare utdanning og forsking, som nyleg informerte om at regjeringa byter ut heile KI-styret.

–I dette tilfellet er «skandale» det rette ordet. Menneske er blitt skadd på grunn av åtferda til Karolinska Instiutet og Karolinska Universitetssjukhuset (KU), sa ministeren under pressekonferansen 5. september.

Ei lang rekke granskingar pågår. Operasjonar som Macchiarini utførte ved KI, er under politietterforsking, og kirurgen er mistenkt for å ha valda personskade og andres død.

Reglar blei sett til side

I vår gjekk Anders Hamsten av som rektor ved KI. Harriet Wallberg-Henriksson var rektor då Macchiarini først blei tilsett i eit gjesteprofessorat i 2010. No i september fikk Wallberg-Henriksson sparken frå jobben som universitetskansler av ministeren.

– Ein stor del av kritikken handlar om ein grovt mangelfull forvaltningskultur der reglar blei sett til side, tilsynelatande for å oppnå raske framsteg, sa Knutsson på pressekonferansen, og viste til den siste granskingsrapporten i saka.

Ein gjennomgang av universitetet si rolle i tilsetjinga av Macchiarini vart leia av tidlegare høgsterettspresident i Sverige, Sten Heckscher. Mellom mykje anna kritiserer rapporten KI for å ikkje ha gjort ei grundig vurdering av arbeidet til den italienske kirurgen, sjølv om det var mange faktorar som peikte mot at det var naudsynt.

Transplanterte luftrør

På KI utførte Macchiarini som den første i verda transplantasjonen av eit kunstig luftrør i 2011, og til saman gjorde han fire slike operasjonar på tre pasientar der. Parallelt utførte han slike transplantasjonar i Krasnodar i Russland. I 2013 opererte Macchiarini også inn eit kunstig luftrør i eit born i USA.

Av ulike rapportar går det fram at den første pasienten som blei operert ved KI, døydde 2,5 år seinare etter store komplikasjonar. Den andre pasienten døydde allereie fire månader etter transplantasjonen. Den tredje blei også ramma av store komplikasjonar som har kravd kontinuerleg sjukehusbehandling sidan transplantasjonen i 2012.

Ei rekke varslarar melde frå til KI om problematiske forhold. Leiinga ved sjukehuset hadde sjølv så store innvendingar mot arbeidet at vidare transplantasjonar blei stoppa i 2013. Delstillinga Macchiarini hadde som overlege på sjukehuset, blei også avslutta.

Uheiderleg forsking

Formelle skuldingar om uheiderleg forsking i dei vitskaplege arbeida utløyste i 2014 ei ekstern gransking leia av Bengt Gerdin, professor emeritus ved Institutionen for kirurgiska vetenskaper ved Uppsala Universitet. 

Han konkluderte med at Macchiarini hadde vore vitskapeleg uheiderlig på ei lang rekke punkt. Gerdin peikte også på at visse handlingar, deriblant behandlinga pasientane fekk på KU, kunne vere brot med fleire ulike svenske lovar.

Universitetsleiinga bestemte seg likevel for å prøve å reinvaske Macchiarini. Gjesteprofessoratet ved universitetet blei forlenga til 2015. Macchiarini blei først oppsagt som forskar ved KI i mars 2016.

Det blei blest om saka då Sveriges Television viste ein dokumentar i sommar, og det var etter dette at rektor gjekk av. No har også Centrala etikprövningsnämnden konkludert med at Macchiarini er skuldig i forskningsfusk.

To sjefar som var ansvarlege for pasientsikkerheit ved KU, mista jobben no i september. Ein lege ved KU har ytra krav om at også sjukehusdirektøren må gå.

Måtte gå frå nobelkomite

Saka har så langt vore eit hardt slag for omdømet til KI og KU, men den har også ramma omdømet til Nobelprisen - spesielt Nobelprisen i fysiologi eller medisin. Ein nobelkomite med 50 professorar ved KI avgjer kven som skal få prisen.

I februar 2016 gjekk sekretæren for komiteen i samband med denne saka. I september ba komiteen også Harriet Wallberg-Henriksson og Anders Hamsten om å fråtre som medlemmar.