To plagiatsaker har vore oppe i Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo (UiO) så langt i år. Dette er universitetet sitt rådgjevande organ for forskingsetikk.

Den eine plagiatsaka gjeld Nina Witoszek, ein av forskingsleiarane ved Senter for utvikling og miljø (SUM). Saka har vore diskutert i media sidan 2014. Før utvalet si handsaming, konkluderte granskarane ved sjølve senteret med at ein antologiartikkel av Witoszek inneheldt plagiat.

Forskingsetisk utval kom til at mangelen på tilvisingar ikkje var vitskapeleg uheiderleg, men kritikkverdig. I fråsegna går utvalet utanom diskusjonen kring plagiat.

Den andre saka gjeld ein pensjonert professor ved Fysisk institutt og ei bok han gav ut i 2005 på Springer forlag, saman med ein utanlandsk forskar. Saka blei først handsama ved Det matematisk- naturvitskapelege fakultet, som konkluderte med at to av figurane i boka var vitskapeleg uheiderlege plagiat frå ein rapport skriven av ein ingeniør ved Universitetet i Tromsø i 1997. I tillegg blei ei rekke avsnitt med tekstlikskap karakterisert som kritikkverdig. Forskingsetisk utval sa seg samd i vurderingane frå fakultetet.

I begge sakene har leiinga ved universitetet skriftleg slutta seg til fråsegnene frå utvalet, men så har det ikkje skjedd noko meir. Det er ikkje sett i gong tiltak, sanksjonar eller andre reaksjonar.

Ingen tiltak eller reaksjonar

Jøran Idar Moen er instituttleiar ved Fysisk institutt, der den pensjonerte professoren framleis har kontor. Sjølv om saka var ferdig behandla i juni, har ikkje Moen sett den skriftlege fråsegna frå Forskingsetisk utval.

– Eg har fått munnleg beskjed frå dekan. Normalt ville eg teke del i sakshandsaminga, men stilte meg sjølv inhabil, fortel han.

Instituttleiaren seier det ikkje er sett i gong tiltak eller reaksjonar etter fråsegna frå Forskingsetisk utval, men at han hadde eit møtte med den pensjonerte professoren på eit tidlegare tidspunkt.

– Ein treng ikkje noko vedtak for å ha ein samtale med den det gjeld. Eg oppfordra han til å ta kontakt med den forulempa, seier Moen.

– Er det sett i gong tiltak for å avgrense omfanget av skaden, som for eksempel å ta kontakt med forlaget?

– Vi har ikkje nokon idé om korleis det skal gjerast. Det er snakk om ei bok som blei publisert for lenge sidan, der opplaget sannsynlegvis er tomt. Då er det litt vanskeleg.

– Boka ligg på nettet og er tilgjengelig elektronisk. Den versjonen kunne vel blitt endra eller merka?

–Det har eg ikkje tenkt på.

Ønsker seg ei orsaking

Den pensjonerte professoren seier sjølv at han tek fråsegna frå Forskingsetisk utval til etterretning og beklagar mangelen på tilvising. Han fortel også at universitetet ikkje har sett i gong noko tiltak, men at han sjølv har kontakta forlaget.

–Eg har spurd om dei kan sette tilvising på éin figur, men eg har ikkje fått svar, fortel han.

Terje Brundtland er den eine av to tilsette ved Universitetet i Tromsø som klaga inn saka, og opphavsmann til figurane som var reproduserte utan tilvising.

–Eg har ikkje høyrt noko frå den pensjonerte professoren, og ikkje frå nokon andre heller. Eg har venta på ein reaksjon og har spurd meg sjølv om fråsegna berre er eit dokument som blir liggande der. Skjer det ikkje noko meir, då?

–Kva slags reaksjon kunne du tenke deg?

–I alle fall ei orsaking. Springer forlag må legge inn tilvisingar til min rapport når det gjeld figurane, men også vise at delar av teksten i kapitla er henta frå min rapport. Når folk brukar den på nettet, er det den pensjonerte UiO-professoren som blir sitert, og ikkje eg, seier Brundtland.

Ute av våre hender

Den direkte overordna for Nina Witoszek er senterleiar ved SUM, Kristi Anne Stølen. Ho skildrar den interne prosessen som vanskeleg og lite hyggeleg. Stølen kjenner ikkje til om saka vil få konsekvensar for Witoszek, gitt konklusjonen i Forskingsetisk utval.

– Når vi sender over ei sak til Forskingsetisk utval, er den ute av våre hender. Då er det utvalet og leiinga ved universitetet som tek stilling til kva som skal skje vidare, seier Stølen.

Ho fortel at SUM hadde møte med Oscar Dybedahl som klaga inn saka, før saka blei sendt vidare til Forskingsetisk utval.

–Etter at utvalet kom med sin konklusjon har ikkje eg gjort noko meir i denne saka, seier Stølen.

Dybedahl er også i uvissa om kva slags følgjer denne saka eventuelt får.

–Eg har ikkje høyrt noko om dette frå UiO, seier han.

Nina Witoszek fortel sjølv at UiO ikkje har kome med tiltak eller sanksjonar i saka.

–Mine kollegaer ved SUM har vore solidariske, seier ho.

Witoszek opplyser at boka med artikkelen kjem i nytt opplag, med det ho beskriv som den riktige, siste versjonen av teksten og med tilvisingar. Ifølgje redaktør Edvard Thorup i Dreyer forlag skal dei rundt 150 bøkene som er att av det opphavlege opplaget på 800, makulerast.

–Witoszek arbeider med teksten no.

Ho vurderer om delar av teksten skal takast ut som sitat og sørgjer for at alle fotnotar og tilvisingar er på plass, seier Thorup.

Han fortel at forlaget ikkje har vorte kontakta av UiO.

–Eg har kun hatt kontakt med forfattaren og redaktørane, seier Thorup.

Meir makt i Sogn og Fjordane

Norske forskingsinstitusjonar har eit ansvar for å vurdere reaksjonar i denne typen saker. Den 16. september kom proposisjonen med forslag til lovvedtak for ny forskingsetikklov. Den stadfestar at det er både ei rett og ei plikt for ein forskingsinstitusjon å vurdere om det er aktuelt med sanksjonar eller reaksjonar. Dette kan mellom anna vere arbeidsrettslege sanksjonar, tilbaketrekking av tildelt doktorgrad, tilbaketrekking av publikasjonar eller pålagd etikkopplæring. Det kan også vere restriksjonar på rett til å søke om forskingsmidlar eller å rettleie.

Fleire forskingsetiske utval ved andre norske forskingsinstitusjonar kjem med klåre tilrådingar for slikt. Det gjeld også i saker der det ikkje er snakk om noko vitskapeleg uheiderleg, men heller mindre alvorlege brot på god forskingspraksis.

I ei sak behandla ved Forskingsetisk utval ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) i 2015, vart det til dømes avvist at ei doktorgrad levert til vurdering ved NTNU inneheldt uakseptable likskapar med bacheloroppgåver, at bachelorstudentar skulle vore krediterte, og at bacheloroppgåver skulle vore siterte.

Utvalet sette likevel fingeren på ein uheldig rettleiingspraksis i saka. Det kom med ei rekkje tilrådingar på institusjonsnivå, mellom anna revisjon av retningslinjer og publiseringsrutinar for bacheloroppgåver i tillegg til opplæring i forskingsetikk.

Retningslinjene for behandling av saker i Forskingsetisk utval ved HiSF slår fast at utvalet kan kome med forslag til korleis følgjene av etiske brot kan bli motverka. Dette kan skje gjennom korreksjon av forskingsresultat, tilbaketrekking av publikasjonar og liknande. Dersom utvalet finn grunnlag for det, kan det også ta føre seg systemproblem, peike på mogelegheiter for betring og kome med forslag til tiltak.

Kven har eigentlig ansvaret?

Ved UiO er mandatet til utvalet avgrensa til å vurdere om det er tale om brot på forskingsetikk og god forskingspraksis. Ansvaret for å vurdere om det er aktuelt med sanksjonar eller andre reaksjonar, må difor ligge andre stader.

Anne Inger Helmen Borge har nyleg teke over som leiar for Forskingsetisk utval ved UiO. Ho seier til å byrje med at når utvalet har kome med ei fråsegn, ligg ansvaret for å handtere saka hos eininga der den har oppstått.

Sekretær for UiO-utvalet, Kristin Flagstad, stadfestar at organisasjonsstruk- turen ved universitetet tilseier at det er institutt- og senterleiarane sitt ansvar.

–UiO er ein linjeleia organisasjon, så det er næraste leiar som har ansvaret, seier Flagstad.

Seinare i samtalen understrekar begge at det øvste ansvaret for å følgje opp sakene frå Forskingsetisk utval ligg hos universitetsdirektøren, men at den konkrete iverksetjinga ligg hos nærmaste leiar.

–Vi har rutinar for å orientere universitetsdirektøren om sakene, seier Flagstad.

Tett oppfølgjing

Det er Gunn-Elin Aa. Bjørneboe som er universitetsdirektør ved UiO. Ho svarer ikkje på spørsmåla sjølv, men viser til prorektor Ragnhild Hennum. Prorektoren seier at universitetsdirektøren skal sikre oppfølginga, medan det er grunneininga som skal implementere den.

–Universitetsdirektøren vil i alle desse sakene vere involvert i den konkrete oppfølginga ved grunneininga, og følgje denne tett, skriv Hennum i ein e-post.

Har universitetsdirektøren eller nokon andre vurdert om det er aktuelt med sanksjonar eller andre reaksjonar i dei to plagiatsakene som Forskingsetisk utval har handsama så langt i år?

– Vi kan ikkje svare på oppfølginga av konkrete saker, utover kven som har ansvar for det, og kva slags rutinar vi har, skriv Hennum.

– Kvifor har UiO valt å ha eit forskingsetisk utval som ikkje kjem med tilrådingar?

– Vi planlegg ikkje endringar i det som gjeld tilråding om sanksjonar. Vi meiner det er spørsmål som administrasjonen skal halde fram med å handtere, skriv Hennum i e-posten som ho sende like før proposisjonen til ny forskingsetikklov var på plass.

UiO må nok ta ein ny diskusjon på dette punktet. Den nye forskingsetikklova seier (§ 8) at tilrådingar frå slike utval alltid skal ta stilling til om det er systemfeil ved institusjonen, og om det vitskaplege arbeidet bør bli korrigert eller tilbaketrekt.

Behov for å straumlineforme

Torkild Vinther er sekretariatsleder for Nasjonalt utvalg for gransking avredelighet i forskning (Granskingsutvalget). Han forklarer at det har vore opp til institusjonane korleis dei vil ordne seg når det gjeld forskingsetiske utval.

–Funksjon, samansetjing, mandat og rutinar for sakshandsaming er litt ulikt. Den nye Forskingsetikklova legg opp til at dette mangfaldet skal kunne halde fram, seier han.

Leiar for Granskingsutvalet, professor Tore Lunde, stadfestar at ansvaret for å vurdere tiltak og sanksjonar ved lokal handsaming av forskingsetiske saker ikkje tidlegare har vore lovfesta.

–Enkelte utval er veldig flinke til å vere tydelege på konkrete tiltak, for eksempel å setje i verk ulike opplæringstiltak eller sørge for at mindre erfarne forskarar samarbeider med nokon som har meir erfaring. Ein kan tenke seg mange ting som eit Forskingsetisk utval kan anbefale, seier Lunde.

– Meiner du det er naturleg at forskings- etiske utval kjem med den typen tilrådingar?

–Det er litt samansett. Når det gjeld tilsettingsforhold, har institusjonane eigne organ for personalhandsaming. På den andre sida kan ein tenkje seg at eit utval må kunne uttale seg om at ei avhandling bør bli underkjent eller trekt tilbake, seier Lunde.

Han meiner det har vore eit behov for å straumlineforme forskingsetiske saker, særleg når det gjeld sakshandsaming.

Leiaren i Granskingsutvalet understrekar også at institusjonane er forplikta til å handsame alle typar forskingsetiske saker - ikkje berre dei mest alvorlege der det er påstandar om at noko er vitskapeleg uheiderleg. Han meiner andre typar forskingsetiske spørsmål og aspekt kan vere vel så viktige.