APPE

The Association for Practical and Professional Ethics (APPE) er en internasjonal organisasjon som ønsker å fremme vitenskapelig arbeid av høy kvalitet. Organisasjonen har både enkeltpersoner og institusjoner som medlemmer. APPE ønsker en bevisstgjøring i forhold til etikk og verdier, som en naturlig del av det vitenskapelige arbeidet.

Kilde: http://appe.indiana.edu/

 APPE har en større konferanse én gang i året. Den ble avviklet denne våren i Jacksonville, Florida, USA og samlet ca. 200 deltakere i fire dager; de fleste fra USA, men også vitenskapelige ansatte fra -Frankrike, Russland, Kina, Australia og Norge var representert.

Mykje av forskinga som vert publisert i tidsskrift med høg prestisje, held ikkje det nivået som trengs for å sette igang klinisk utprøving av medikament.

På APPE- konferansen vart denne problemstillinga diskutert. Brian Martinson, som er forskar ved Health Partners, et Minnesota-basert non profit helseforetak, tok til orde for at dei som arbeider med forsvarleg forsking og forskingsetikk, må vende merksemda frå jakta på «dei rotne epla» til å arbeide for å påverke forskingsklimaet i eigen institusjon.

Martinson meiner vi står overfor eit vatnskilje innanfor forskingssystemet. I løpet av nokre få år vil krav om transparens og stringens i forskinga bli mykje høgare enn dei er i dag. Publisering av datasett og full dokumentasjon på tidsskrifta sine nettsider vil i framtida vere sjølvsagt.

– Når vi i 2025 ser tilbake på perioden frå 1990 til 2015, vil vi kanskje riste på hovudet over at det er brukt avanserte stat-istiske teknikkar forsk-arane eigentleg ikkje har forstått, over lite transparens i metodebruken og ikkje minst at svært mykje rådata er borte eller ubrukelege.

Martinson meiner institusjonane ikkje kan sitte å vente på at forskings-systemet skal endre seg sjølve, men må påverke der dei kan: i eige hus. Martinson og kollegaene hans har utvikla verktøy for å systematisk undersøke klimaet for ansvarlegheit i forskinga, og kartlegge kva som legg til rette for og er til hinder for etisk god forsking. Undersøkingane dei har gjort viser at det er ein tett samanhang mellom kultur og praksis når det gjeld ansvarleg forsking.

– Forskarar opererer ikkje i eit vakuum, og det trengs både strukturelle og kulturelle endringar for å møte nye krav i framtida. Våre funn viser at klimaet lokalt er viktig, og verktøy for å kartlegge klimaet er tilgjengeleg, oppsummerer Martinson.