Det var ein celeber pasient Dr. Robert Iacono hadde med seg frå Los Angeles til eit enkelt utstyrt sjukehus i Zhengzhou, i Henan-provinsen i Kina, våren 1989. Målet for reisa var å få utført ein transplantasjon av hjerneceller frå aborterte foster til Truex sin hjerne.

Olympisk løpar

Då Max Truex var barn, var det få som trudde at han som vaksen ville bli løpar på olympisk nivå, så liten og tynn som han var. Men allereie på high school var han av dei fremste og sette amerikansk rekord på ei engelsk mil for juniorar. Han utvikla seg til ein utmerka langdistanseløpar. I 1956 vann han 10 000 meter i uttakinga til sommarolympiaden i Melbourne. Innsatsen i Melbourne var kanskje ikkje så mykje å skryte av, men han kom sterkare tilbake 4 år seinare under olympiaden i Roma. Han blei nummer 6 på distansen og forbetra den amerikanske rekorden med heile åtte sekunder. Med Truex kom USA for første gang med blant dei som hevda seg innan dei lengre distansane. Han blei ein helt. Truex la likevel opp i 1962 og utdanna seg til jurist.

Parkinsons sjukdom

I 1979 fekk han diagnosen Parkinsons sjukdom og var i 1989 så sjuk at han knapt kunne røre seg. Han hadde jamvel problem med å svelgje.
Sjukdomen skuldas at nerveceller i spesielle områder av hjernen blir ødelagt og forsvinn. Dette fører til at pasienten gradvis mistar kontroll over musklane og får skjelvingar. Etter kvart som sjukdomen utviklar seg, kan ein få problem med å snakke og å gjere daglegdagse ting. Eit nytt forskingsfelt på denne tida antyda at transplantasjon av en spesiell type hjerneceller frå foster, kunne reparere skadane i hjernen.
Dette kravde ein såkalla stereotaktisk operasjon. Det vil si at ein med eit tredimensjonalt koordinatsystem går inn i hjernen med ei tynn nål, finn den rette plassen og rette vinkelen for behandlinga.

 
Dette var ein metode Dr. Iacono var for så vidt kjend med, men han visste at sjukehuset i Zhengzhou ikkje hadde det utstyret som var nødvendig for å utføre så avansert hjernekirurgi. Derfor opererte Iacono inn tre mikroskopiske rør i hovudet til Truex før dei la i veg. Røra var plassert slik at kirugen enklare skulle finne igjen rett plass for injeksjonen av nye celler når dei var framme i Kina. Dette blei gjort i april då Iacono hadde fått Tuex lagt inn på sjukehuset i Tucson, Arizona, kor Iacono arbeidde til dagleg.
Robert Iacono var rett nok nevrokirurg, men hadde ikkje erfaring med denne typen avansert transplantasjon. I det heile tatt var det svært få som hadde det i 1989. Denne type operasjonar var på forsk-
ingsstadiet, og dei forskargruppene som arbeidde med dette, gjorde eksperiment på apehjernar og rotter før dei gjekk i gang med menneske. Denne erfaringa hadde ikkje Iacono.

Kvifor Kina?

Reisa var strevsam. Ein medteken Max Truex tok, i følgje med kirurgen sin, fly frå Tucson til Los Angeles og så til San Francisco. Vidare skulle dei med det kinesiske flyselskapet til Beijing, men flyet gjekk tom for drivstoff og måtte nødlande i Japan. Her fekk dei eit fly til Shanghai kor dei tok tog vidare til Zhengzhou. Truex, lamma av Parkinsons og med hovudet inntulla i bandasjar etter operasjonen to veker tidlegare, var eit krevjande reisefølgje for den ambisiøse Iacono. Men kvifor denne lange reisa til eit lite ustyrt sjukehus i Kina? Kvifor gjennomførde dei ikkje operasjonen på eit høgteknologisk sjukehus i USA?

Lite regulering

Truex hadde tatt kontakt med Dr. Iacono året før. Den tidlegare langdistanseløparen kom i kontakt med han via sin gamle trenar. Trenaren kjende til ein nevrokirurg som interesserte seg for Parkinsons (sonen til ein venn) og sette dei i kontakt med kvarandre.

Robert Iacono som då var 36 år, arbeidde ved Universitetet i Arizona og ved sjukehuset i Tucson. Han hadde radikale idear om Parkinsons sjukdom. Truex hadde sjølv følgd nøye med på utviklinga i forskinga om sjukdomen sin. Han var spesielt oppglødd etter at en del eksperimentelle transplantasjonar av vev frå binyrene til hjernen hadde gitt positive resultat i Mexico. (Omfanget på denne artikkelen gir ikkje rom til å forklare detaljert alt det medisinske i denne i historia. Journ. anm.)

Ei svensk forskargruppe arbeidde med dyremodellar i form av rotter for å løyse gåta om Parkinsons sjukdom. Dei opererte rottefostervev inn i hjernen til sjuke rotter med Parkinsons symptom. Dette gav lovande resultat og tilsvarande prosess var forsøkt på to pasientar. Iacono tok kontakt med dei og spurde om dei kunne ta Truex som pasient. Men dei ville ha pasientar i Sverige som dei kunne følgje betre opp.
Rykta gjekk i nevromiljøet om andre forskargrupper som arbeide med det same. Iacono tok kontakt med dei ei etter ei, men fekk avslag overalt. Dei ville alle ha lokale pasientar. Iacono bestemde seg då for å gjere det sjølv. Men kor?

Kirugen kunne ikkje gjere det på sjukehuset kor han arbeidde. Han var ikkje kvalifisert for denne type transplantasjon. I tillegg var det eit generelt forbod om bruk av cerebralt fostervev i Arizona. Gjennom ein japansk kollega blei han tipsa om sjukehuset i Zhengzhou. Der var det rik tilgang på fostervev og lite regulering.

Operasjonane blei gjennomført som planlagt, og dei returnerte til USA. Truex kom seg raskt og etter nokre veker byrja han å få livlegare ansiktuttrykk. Deretter betra også gangen og talen seg. Han var merkbart betre og dette heldt seg til han ein dag, to år seinare, fall om med pusteproblem og døydde etter kort tid.

Obduksjon

For å bidra til meir kunnskap om Parkinsons, ønskte Truex at hjernen hans skulle bli obdusert. Dei som gjorde det, kunne knapt tru det dei såg. Hjernen inneheldt fleire rør som Iacono hadde brukt, det var det eine. Men i enden av eitt av desse røra fann dei ein liten klump med vev, brusk og hår som hadde utvikla seg frå cellene til fosteret.
Resten av kroppen blei ikkje obdusert så den eksakte dødsårsaka vart ikkje bestemt. Så om det var celleklumpen i hovudet, eller om det var sjukdommen i seg sjølv som tok livet av han, er ikkje godt å seie. Om Truex gjekk med på den hasardiøse behandlinga fordi han var blitt kjend med kirurgen via ein venn eller om han var desperat, er heller ikkje godt å seie. Men det er eit etisk problem i ei globalisert verd, at aktiviteten blir flytta dit skrankane er lågast.
Iacono fortsette å arbeide med nevrologi og Parkinsons sjukdom. Men han var omstridt for sin eksperimentelle kirurgi og fekk eit frynsete rykte med påstandar om seksuell trakassering og verbale angrep på sine kollegar. I juni 2005 mista han retten til å praktisere. To år seinare omkom han i ei flyulykke.
Kjelder:
The Seattle Times 30. september 1990: Truex Still Running for Parkinson’s – Brain surgery Giver Former Olympian Hope
The Boston Globe 25. juni 2007: Robert Iacono, 55, doctor criticized for Parkinson’s surgery
Levay, Simon, Neuroscience: The runner’s brain i When Science Goes Wrong. Plume: 2008