Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag (NEM) handsama i fjor 12 klagesaker. 6 av dei som klaga fekk medhald.
Med forskingsetikklova i 2007 blei det oppretta eit klagesystem for avgjerdene i dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). NEM vart då klageinstans.
I 2009 handsama den nasjonale komiteen 12 klagesaker, der nokre var klager på avgjerder i Helsedirektoratet. Helseforskingslova, som gjeld frå juli i fjor, overførte til REK ein del oppgåver Helsedirektoratet hadde hatt, mellom anna vurdering om fritak frå teieplikt. 5 av klagene NEM handsama i fjor, var saker som omhandla fritak frå teieplikt. 4 fekk medhald i klagen.
Oversikt over alle klagesaker NEM har handsama.
Sitér denne siden slik:
Skavlid, Sigrid: "Halvparten av klagene førte fram"
(Sist oppdatert: 11. April 2013). De nasjonale forskningsetiske komiteer. [Online]. Tilgjengelig på http://www.etikkom.no/en/Aktuelt/Aktuelt/Nyheter/2010/Halvparten-av-klagene-forte-fram/. [Lastet 22.May 2013].